Nærinett – bindeledd mellom Vestlandet og EU

Hordaland fylkeskommune er med i eit samarbeid som formidlar viktig informasjon frå EU til kommunar og bedrifter på Vestlandet. Samarbeidet heiter Nærinett og sikrar at EU-direktiv og anna EU-informasjon kjem fram til dei som har behov for den.

- Førebels er ni kommunar i Hordaland med i dette prosjektet, fortel prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune, Marit Einen, og Tore Ryland ved Europakontoret. (biletet)

Overvaking
Overvakinga av informasjon som har interesse for næringslivet tek Europakontoret seg av. Kvar 14. dag sender dei ut, via internett, eit nyhendebrev. Desse breva går til bedriftene og til biblioteksjef/næringssjef i dei samarbeidande kommunane. Biblioteksjef/næringssjef sorterer vidare ut informasjonen og formidlar vidare relevant informasjon til bedriftene i sin kommune.
- Dermed får bedriftene informasjon om aktuelle og relevante EU-direktiv og regelverk direkte til seg på eit tidleg tidspunkt.

Tilgjengeleg på internett
Heile denne tenesta er tilgjengeleg på internett. På www.vestnett.no er det ein database med opplysingar om alle bedriftene som er med i samarbeidet. I dag er 2000 bedrifter i databasen, og det er kommunane som vedlikeheld den.
På www.narinett.no ligg alle nyhendebreva og anna relevant informasjon. Her kan kven som helst gå inn og finne informasjon, men det er berre dei samarbeidande bedriftene som får spesialbehandling av direkte varsling av EU-regelverk som er relevant for den enkelte bedrift. Det gjer det enkelt å halde seg orientert om det som skjer i EU.

Ni kommunar, pluss fire
Dei ni samarbeidande kommunane er Askøy, Austevoll, Bømlo, Etne, Kvam, Lindås, Osterøy og Ulvik. I tillegg er fire kommunar i Sogn og Fjordane med.
Staten gjennom ABM-utvikling (tidlegare Statens Bibliotektilsyn) har bidrege med pengar til å gjennomføre prosjektet, i tillegg til at Europakontoret er med på finansieringa. Mesteparten av pengane har gått til frikjøp av næringssjef/biblioteksjef i kommunane.
Utviding av prosjektet med fleire kommunar er avhengig av finansiering.

Bjarte Brask Eriksen

07.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart