Samarbeidsavtalen er underteikna for å gjennomføra måla i ”Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv” som partane i arbeidslivet og styresmaktene inngjekk hausten 2001. Intensjonsavtalen føreset at arbeidsgivar og arbeidstakar er samde om eit forpliktande samarbeid for å nå måla om eit meir inkluderande arbeidsliv. Føremålet med dette samarbeidet er at både leiinga og tilsette i verksemda skal arbeida for eit betre arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for alle
Leiar i administrasjonsutvalet, fylesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg, seier at med avtalen blir det streka under at fylkeskommunen er ein arbeidsstad som ønskjer å kunna rekruttera medarbeidarar blant alle som vil og kan arbeida, også personar med mellombels eller varig redusert funksjonsevne og eldre arbeidstakarar.
- Eg har tillit til at vi i samarbeid med arbeidstakarane og deira organisasjonar skal greia å nå måla om redusert sjukefråvær, ha arbeidsplassar tilpassa arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og ha eit godt arbeidsmiljø slik at tilsette ikkje blir pressa ut i tidleg pensjon, seier Selsvold Nyborg.
Utvida rett til eigenmelding
Personaldirektør Geir Davidsen opplyser at avtalen om inkluderande arbeidsliv gir fylkeskommunen høve til å nytta ”Aktiv sjukemelding” utan førehandsgodkjenning frå trygdeetaten. Arbeidstakarane i fylkeskommunen får utvida rett til å nytta eigenmelding inntil åtte kalenderdagar pr. sjukdomstilfelle med eit samla øvre tal på 24 dagar årleg. Ordninga trer i kraft 1. august.
Byggjer på tillit
Davidsen strekar under at avtalen byggjer på tillit mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Arbeidsgjevar skal mellom anna ta initiativ til og medverke positivt til dialog og samarbeid med arbeidstakarane. Dialogen er grunnlag for oppfølging av kvar einskild sjukmeld, og iverksetjing av tiltak for at arbeidstakaren kan vera eller koma tilbake i arbeid. I tillegg skal arbeidsgjevar etablera rutinar for oppfølging av sjukmelde i samarbeid med dei tilsette sine representantar. Rutinane skal gjeras kjende og forankrast i verksemda.
I avtalen blir det vidare peika på at arbeidstakar mellom anna skal medverka positivt til dialog med næraste leiar om eiga funksjonsevne og naudsynte tiltak for å vera eller koma tilbake i arbeid. Ved fråvær skal arbeidstakar opplysa om det er relatert til arbeidssituasjonen, og i tillegg gi informasjon om eiga funksjonsevne og moglege tiltak for å vera eller koma tilbake til heil- eller deltidsarbeid.
Konferanse
- Det er svært viktig at både leiarar og tilsette kjenner til kva denne avtalen inneber. 13. august vil alle leiarar med personalansvar i fylkeskommunen bli invitert til ein konferanse i Bergen der avtalen om inkluderande arbeidsliv vil bli presentert i sin fulle breidde, seier Geir Davidsen, som strekar under at målet med avtalen er å redusera sjukefråværet, tilsetja fleire arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og auka den reelle pensjonsalderen.
Nils Marton Aadland