Inntaksleiar Nils Skavhellen opplyser at etter første inntak står 875 søkjarar med rett til opplæring (Ungdomsrett) utan tilbod. For grunnkursa er det flest på venteliste til musikk, dans, drama, medium og kommunikasjon, formgjeving og byggfag.
Søkjarar på venteliste er spreidde over heile fylket, men dei fleste kjem frå Bergen, Sotra og Askøy. Der står 680 på venteliste. For resten av fylket fordeler ventelistene seg slik:
Sunnhordland: 43
Kvinnherad/Odda: 13
Voss/Hardanger: 45
Os/Fusa: 33
Bergen og omland: 680
Nordhordland: 46
Etne: 15
Det er framleis 630 ledige skoleplassar i fylket. Dei fleste finn vi på allmennfagleg studieretning.
Dei som har fått tilbod om plass, må svare innan 24 juli.
Nye meldingar om inntak (2. inntaksomgang) vil vere klart for utsending innan 6. august.
Dato for 3. inntaksomgang er sett til 14. august.
Dei fleste søkjarane med rett til vidaregåande opplæring vil få eit tilbod til skolestart. Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som enno ikkje har fått tilbod om plass, vil få brev med invitasjon til skriftleg samtale med Inntakskontoret, opplyser Skavhellen.
Skolane i Hordaland tek til 18. august.
Nils Marton Aadland