Vil ikkje oppheva dagens kompetansekrav til rektor

Fleirtalet i Komite for næring og utdanning seier nei til å oppheva dagens kompetansekrav til rektor. Det kom fram då komiteen handsama høyringsdokumentet ”Lokalt handlingsrom i organiseringa av grunnopplæringa”.

Som lekk i arbeidet med å betra kvaliteten på norsk skole kjem Regjeringa i sitt høyringsdokument med framlegg om endringar i Opplæringslova som vil gje det lokale nivået høve til å organisere grunnopplæringa meir etter kva som passar lokale tilhøve. Framlegget gjeld:

Bestemming om klassedeling
Bestemming om klassestyrar
Bestemming om rektor
Bestemming om organisering av opplæring innan yrkesfaglege studieretningar

Framlegget er ein del av Regjeringa sitt moderniseringsprogram for offentleg sektor der auka lokal handlefridom er eit viktig element.

Fleirtalet i komiteen rår fylkesutvalet til å gje følgjande høyringsuttale:

”Fylkesutvalet er samd med departementet i framlegget om å oppløyse klassestrukturen.
Fylkesutvalet meiner at kontaktlærar kan vere eit like godt omgrep som elevkontakt då denne nemninga allereie vert brukt i andre samanhengar.
Fylkesutvalet finn det unødvendig å ta inn ein ny § 13-10 med slik ordlyd som foreslått.
Dagens kompetansekrav til rektor bør framleis gjelde.
Fylkesutvalet er samd i departementet sitt framlegg i endring av § 3 i opplæringslova.
Fylkesutvalet har ingen prinsipielle innvendingar mot at den sakkunnige vurderinga frå PPT, som stadfestar at søkjar er særdeles lite skolemotivert, heimla i § 11-12, tredje ledd i Forskrift til opplæringslova, fell vekk.
Fylkesutvalet er kritisk til at departementet kjem med og vil koma med forslag om endring av Opplæringslova bit for bit og ikkje som eit heilskapleg lovendringsframlegg der også konsekvensane av lovendringane kjem fram.

Fylkesutvalet vil og peika på det uheldige ved den korte høyringsfristen til Moderniseringsprosjekt. Denne korte fristen fråtek skulane og fylkeskommunane å drøfta lovframlegget på ein forsvarleg måte.

Eit vilkår for denne omlegginga er at ressursar vert auka for skulane, snarare enn å verta reduserte.”

Jannicke Haugan Larsen (H) og Roald Steinseide (Frp) sette fram slikt fellesforslag:

”Fylkesutvalget slutter seg til høringsforslag – moderniseringsprosjektet – lokalt handlingsrom i organisering av grunnopplæring.”
Dette framlegget fekk 4 røyster (H og Frp) og fall.

Fylkesutvalet skal handsama saka den 30. januar.

Nils Marton Aadland

22.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart