Vinteropen stamveg over Hardangervidda er avgjerande for næringslivet i Hardanger. 20 politikarar og næringslivsfolk frå Hordaland møtte samferdselsminister Torild Skogsholm med klar tale.
På biletet hotelleigar Edmund Utne ved Hotell Ullensvang i engasjert samtale med samferdselsminister Torild Skogsholm. (Foto: Torbjørn Wilhelmsen)
Tre delgasjonar
Samferdselsministeren har møtt delegasjonar frå Hordaland, Hallingdal og Buskerud. Frå Hordaland møtte 20 samferdselsinteresserte og politikarar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen Næringsråd, Hardangerbrua AS og frå kommunane i Hardanger og Voss som er medlem i ”Interessentskapet (IS) Rv 7”.
Må bli stamveg
I møtet kom det fram at riksvegen over Hardangervidda ha svært myke å seie for næringslivet både i Hardanger og Hallingdal, og at riksvegen må bli stamveg for å ivareta desse interessene.
Lokale jegerar og fjellfolk
Endre Lægreid orienterte og samferdselsministeren om villreinproblematikken med utgangspunkt i dei røynslene lokale jegerar og fjellfolk har samla gjennom generasjonar. Dette lytta samferdselsministeren med interesse til.
Sjå bilete frå møtet med samferdselsministeren
Sjå kva Buskerud fylkeskommune skriv om møtet

Bjarte Brask Eriksen