Vestlandsrådet - samarbeid for å styrkja Vestlandet

Samarbeid for å styrkja Vestlandet er målet for Vestlandsrådet som hadde konstituerande møte i Stavanger 8. januar. Fylkesordførar Roald G. Bergsaker i Rogaland er valt til leiar for rådet det første året.

På biletet fylkesordførar Roald G. Bergsaker (nr. 2 frå høgre) i Rogaland som er valt til leiar for Vestlandsrådet. I handa held han ein minikopi av minnesmerket for samlinga av Noreg i Hafrsfjord for ca. 1100 år sidan. For fylkesordførarane og Vestlandsrådet er utfordringa å bruka felles krefter for å gjera Vestlandet til ein betre landsdel for innbyggarar og næringsliv. Dei andre på biletet er: Fylkesordførar i Hordaland Gisle Handeland (t.v.), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Nils R. Sandal og fylkesordførar i Møre og Romsdal Ole E. Øverland (t.h.). (Foto: Stanley Hauge, Informasjonstenesta Hordaland fylkeskommune.)

I ei fråsegn frå møtet heiter det at Vestlandsrådet er samde om å bruka felles krefter for å gjera Vestlandet til ein betre landsdel for innbyggarar og næringsliv.

Satsingsområde
I det vidare arbeidet vil Vestlandsrådet leggja spesiell vekt på følgjande satsingsområde: Betring av kommunikasjonstilhøva på Vestlandet, der Kyststamvegen og utbygging av hamner og flyplassar vil vera særskilt viktig.
Styrking av vestnorsk kultur, og ein regional styring av kulturpolitikken.
Styrking av næringar knytte til marin og maritim sektor, inkludert tryggingsaspektet. Arbeida for at dei maritime næringane får rammevilkår som europeisk skipsfart elles.
Sikra at ein større del av verdiskaping som skjer på Vestlandet kjem landsdelen til gode.
Og gjennom partnarskap og alliansar vil Vestlandsrådet styrka samarbeidet med kompetansemiljø og næringsliv for auka verdiskaping på Vestlandet.
Samordning av innsatsen på området folkehelse.

Samarbeid
Vestlandsrådet vil aktivt samarbeida med kommunar, næringsliv og kompetansesentra i landsdelen. Spesielt er det viktig å invitera til ein dialog med store byane, og til eit styrka samarbeid med og mellom desse.

Dei to neste møta i Vestlandsrådet skal vera 28. mars og 13. juni.

Meir informasjon om Vestlandsrådet finn du på:
www.vestlandsraadet.no/

Stanley Hauge

10.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart