Onsdag 8. januar vart Vestlandsrådet formelt skipa i Stavanger. Vestlandsrådet er samansett av i alt 20 personar, 5 frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant fylkestinget sine medlemar. Leiinga av Vestlandsrådet skal gå på omgang med intervall på om lag eitt år. Fylkesordførar i det fylket som har leiarskapen, er leiar for rådet. Fylkesrådmann i same fylke har ansvar for å leia sekretariatet, og har også innstillingsretten til rådet. Den første perioden skal bli leia av fylkesordførar i Rogaland.
Vestlandsrådet skal arbeide for å utvikle Vestlandsregionen gjennom m.a.:
· Felles satsing, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen
· Fremme interessene til regionen
· Arbeide for å kunne forvalte, heilt eller delvis, statlige oppgåver, ressursar og virkemiddelstyring
Vestlandsrådet skal ikkje erstatte fylkestinga, og det blir sentralt å finne ei god arbeidsfordeling mellom rådet og fylkeskommunane.
Sterk maktfaktor
Ein vestlandsregion med 26 % av folket i landet vil vere ein tilstrekkeleg sterk maktfaktor til å utfordre og balansere den sterke sentralstyrte statsmakta i Noreg. Dette gjeld både å bli høyrd i utforminga av nasjonal politikk for samfunnsutviklinga, og å ta over oppgåver/funksjonar som i dag blir løyste på nasjonalt nivå og dermed gje desse ei regionalpolitisk styring og regional tilpassing.
Nærleiksprinsipp
Ein Vestlandsregion skal ut i frå dette gje innhald til nærleiksprinsippet, både gjennom at det er ei motvekt mot sentralisering i samfunnet, og av di det representerer eit avgjerdsnivå som ligg nærare borgarane og kommunane enn det nasjonale nivået. Dette vil også styrkje folkestyret. Regionen kan sikre ei betre og meir effektiv forvalting gjennom å inneha kunnskap som dei nasjonale styresmaktene ikkje har.
Vestlandsrådet sine internettsider
Tre artiklar om Vestlandsrådet i Bergens Tidende:
Dei vil ta vegmakta frå staten
Kan bli eit spennande organ
Desse skal styre Vestlandet
Bjarte Brask Eriksen