Tilrår opptak av skjelsand på Sotra

Fleirtalet i komité for miljø og samferdsel tilrår delvis søknad om opptak av skjelsand i Fjell kommune. Det er Nord-Stein A/S som på vegner av Øta-kompagniet A/S/Faxe Kalk A/S i Danmark som søkjer om prøveopptak på sju lokalitetar.

Konflikt
Fleirtalet går inn for at søkjar får konsesjon for prøveopptak på fire av dei sju omsøkte lokalitetane. Mindretalet på tre, Frp, vil gje konsesjon til seks av dei sju områda.
Årsaka til at det ikkje blir tilrådd konsesjon på alle omsøkte lokalitetar, er mellom anna konflikt med sjøfugl og marine kulturminne.

Stopp i råstofftilgangen
Søkjar er ei verksemd som foredlar østersskal frå Roskildefjorden i Danmark. Råstofftilgangen har stoppa opp grunna minkande ressursar og forbod mot vidare opptak. Selskapet er på jakt etter alternative råstoffkjelder. Planen er på sikt å etablere seg i Fjell kommune eller andre stader i landet med eigen fabrikk.

Saka blir endeleg avgjort i fylkesutvalet 30. januar.

Bjarte Brask Eriksen

15.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart