Teikna seg inn i skulekatalogen

Christian Wiig frå Laksevåg videregående skole og Kristine Hatletveit frå Krohnsminde videregående skole har sett sitt preg på den nye skulekatalogen som snart kjem ut. Christian har laga framsideteikninga, medan Kristine har utforma symbol for dei ulike

2500 kroner i premie
Elevar på formgjevingsfag i Hordaland blei i haust invitert til å ta del i ein konkurranse om å laga framsideteikning og symbol som illustrerer studieretningar i den nye skulekatalogen for Hordaland. Premien for beste framlegg i kvar kategori er 2500 kroner.

Vinnarteikning
Christian Wiig sin vinnarteikning illustrerer ulike personar som vel forskjellige vegar fram mot sitt mål.
- Det var artig at teikninga mi skal nyttast på framsida. Faktisk har eg laga framsideteikning til skulekatalogen også tidlegare, men det var på oppdrag. Det er ekstra artig å vinne ein slik konkurranse, seier han.
Kristine Hatletveit har vore svært kreativ i si utforming av symbol for dei ulike studieretningane. Ho har nytta storken, som i denne samanheng kjem med ulike fag.

Svært godt nøgd
Inntaksleiar Nils Skavhellen er svært godt nøgd med resultata frå konkurransen.
- Ein jury på tre personar var heilt einige i vurderinga av kva teikningar og symbol som måtte vinna. Det var aldri noko usemje om dette, sa Nils Skavhellen, då han overrekte sjekkar til ein verdi av 2500 kroner til kvar av dei to vinnarane.
Skulekatalogen for Hordaland har eit opplag på 32.000 eksemplar.

Nils Marton Aadland

03.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart