- Talet på reisande over Stord Lufthamn, Sørstokken, aukar stadig, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust. I 2002 hadde flyplassen 27.299 passasjerar. Dette er ein auke på 7.142 personar som er 35 prosent fleire enn i 2001.
63 prosent auke i desember
Tala for desember 2002 viser også kraftig auke. Då reiste 1.894 personar over lufthamna, som er ein auke på 733 personar eller heile 63 prosent i høve til desember månad i 2001.
Flest til og frå Oslo
Flesteparten av dei reisande, reiste med Golden Air til/frå Oslo lufthavn, Gardermoen. Flyplassen på Stord har i 2002 også hatt ein del charterflyging i samband med gjestearbeidarar som arbeidar på ymse prosjekt på Aker Stord. Stord lufthamn arbeider no aktivt for å få Golden Air til å auka flykapasiteten på strekninga Stord-Oslo-Stord, då enkelte ruter er fullbooka lang tid før avgang. Ein føresetnad for vidare trafikkvekst er at rutetilbodet til/frå Oslo lufthavn vert auka i 2003.
Flybuss
I tillegg til at stadig fleire bedrifter nyttar seg av flytilbodet på lufthamna ser ein at talet på privatreisande også er sterkt aukande. HSD har no sett opp flybuss til samtlege av Golden Air sine ruter til og frå Stord lufthamn. Dette gjer også sitt til at stadig fleire vel å nytta seg av flytilbodet på lufthamna. Bortfall av bonuspoeng på innanlandsflygingar, samt fri bilparkering på lufthamna, bidrar også til at talet på reisande aukar sterkt, meiner lufthamnsjefen.

Bjarte Brask Eriksen