
På biletet ser vi arbeidsgruppa bak konferansen: Ingvald Bastesen (konsulent, f.v), Geir Davidsen (initiativtakar) og Liv Tvilde Laading (fagleg rettleiar).
Ta ansvar
Vil du vere med og ta ansvar for at personar med ulik etnisk bakgrunn kan delta i eit inkluderande samfunnsliv? Er du lærar, førskulelærar, organisasjonsinteressert, politikar, tilsett i offentleg verksemd eller eller anna verksemd som har med barn og unge sitt oppvektsmiljø å gjere, eller ganske enkelt interessert i kva samfunn vi vil ha? Då er dette konferansen for deg.
Oppvekst og skule
Dette er den andre konferansen om Vestlandet som eit fleirkulturelt samfunn. Søkelyset blir sett på oppvekst og skule, er dei eit resultat av samfunnet eller omvendt? Korleis blir vaksne deltakarar i samfunnet påverka av sin oppvekst og skulegang? Korleis blir barn og unge påverka av samfunnet vi lever i, kultur og tradisjonar.
Første dag av konferansen er retta mot opplæringsmiljø generelt, mens andre dag går meir spesifikt på skule. Representantar frå minoritetssamfunn skal fortelje om sine erfaringar. Gode døme som kan vere til inspirasjon for andre, blir presentert.
Bak konferansen står Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland ved Statens utdanningsdirektør, Kommunenes Sentralforbund – Hordaland og Bergen kommune.
Konferansen tek til på Hotell Norge, Bergen, tysdag 25. mars klokka 10.00 (registrering frå klokka 09.00) og blir avslutta onsdag 26. mars kl. 15.45.
Konferanseavgift er 1300 kroner
Påmelding innan 10. mars til Hordaland fylkeskommune, personalseksjonen v/Tove-Bente Johnsen, Postboks 7900, 5020 Bergen, faks 55 23 91 39 e-post: Tove-Bente.Johnsen@post.hfk.no
Dette er den andre av tre konferansar om det fleirkulturelle Vestlandet. Den første (for eitt år sidan) omhandla arbeid og arbeidsmiljø og smala rundt 150 deltakarar. Neste konferanse går våren 2004 og går på helsefaglege utfordringar.
Nærmare informasjon:
Tove-Bente Johnsen tlf 55 23 91 24
Liv Tvilde Laading tlf 55 23 91 17
Ingvald Bastesen tlf 56 17 81 43 / 90 92 74 02
Nærmare opplysningar og påmeldingsskjema (pdf)
Brev med invitasjon til konferansen (pdf)
Kulturkveld
Om kvelden første konferansedag skipar Bergen Internasjonale Kultursenter til kulturkveld med små glimt frå store vidder, både kulinarisk og kunstnarleg til 200 kroner. Kryss av på påmeldingsskjemaet om du vil vere med.
Arrangøren har avtale om overnatting på Hotell Norge for 935 kroner og Hotell Augustin for 485 kroner.
Bjarte Brask Eriksen