Samferdselsministeren inspirert av Hordaland

Det var direkte inspirerande å sjå kva de i Hordaland fylkeskommune har fått til! Dette var samferdselsminister Torild Skogsholm si korte oppsummering etter at ho hadde fått presentert korleis fylkeskommunen har bygd ut og brukar breiband. Presentasjonen

Nesten 50 vidaregåande skular i Hordaland har tilgjengeleg 100 Mbit fiberbaserte breibandsløysingar. Fylkeskommunen kjøper nettkapasitet til skulane. Men det er nettopp fylkeskommunen sitt behov for breibandskapasitet som har vore med på å få private leverandørar interessert i å byggja ut nettet til så store delar av fylket. Men det er framleis behov for utbygging til meir grisgrendte område i fylket, og det er enno nokre skular og ein del skulefilialar som ikkje har fått breiband. På møtet i Bergen uttrykte fylkeskommunen ynskje om at det på dette feltet vil vera behov for statleg medverknad for å få breiband på plass.

I presentasjonen viste fylkeskommunen at breibandet fører til at den administrative informasjonen mellom skulane og fylkeskommunen sentralt skjer raskt og effektivt. T.d. vert ikkje rundskriv lenger sende i posten, men distribuerte elektronisk på intranettet. Dermed vert pakkearbeid og porto spart, og papirbruken redusert. Opplysningar om løn, lønsplassering, elevane sine karakterar til bruk ved inntak, informasjon til bruk ved utdeling av skulereisekort m.m. skjer elektronisk. Der ein før hadde dobbeltregisteringar, slepp ein no dette – dermed har tidsforbruket til slikt arbeid gått ned og feilkjelder som tastefeil er redusert.

Breibandnettet kan også nyttast til direkte kommunikasjon mellom t.d. skular og opplæringsavdelinga og skulane i mellom. Ved presentasjonen tysdag vart det vist korleis ein med videoutstyr og breiband kan ha fjernmøte. Rektor og undervisningsinspektør ved Odda vidaregåande skule fortalte og samtalte over nettet med møteforsamlinga i fylkeshuset. Og tilsvarande fekk ein klasse ved Askøy videregående skole høve til å stilla spørsmål til samferdselsministeren, fylkespolitikarar og administrasjon. Demonstrasjonen viste også at det teiknar seg interessante perspektiv på korleis breiband kan nyttast i undervisninga.

Hordaland fylkeskommune har i si nettsatsing skapt samarbeidsrelasjonar mellom dei vidaregåande skulane, med andre fylkeskommunar og med grunnskular i Nordhordland om bruk og utnytting av breibandsløysingane. Ved at fylkeskommunen er til stades med breibandnett så mange stader i fylket har fylkeskommunen også lagt til rette for at privat næringsliv og andre offentlege organisasjonar kan få eit breibandtilbod.

Prosjektleiar Hallvard Rydland frå Norhordland kursregion såg for seg at det vil vera svært interessant for grunnskulen å dra nytte av fylkeskommunen si utbygging av breiband og skuleportalen. For grunnskulane i Nordhordland er det ein flaskehals at ein per i dag berre har 64 kb kapasitet (ISDN) mellom skulane og dei sentrale einingane. Her etterlyste han statleg drahjelp for å få på plass breibandnett.

Fylkesordførar Gisle Handeland oppfordra samferdselsministeren til å nytta seg av Hordaland fylkeskommune sin kompetanse i framtidige prosjekt om breiband og bruk av breiband i ulike samanhengar. Gjerne som samarbeidspartnar. Samferdselsministeren sin respons på invitten var nettopp at ho ser for seg at det kan verta aktuelt.

Stanley Hauge

14.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart