Omorganisering av Hordaland Olje og Gassenter

Komité for miljø og samferdsel i Hordaland går mot to røyster inn for at Hordaland Olje og Gassenter (HOG) blir omorganisert. Forslaget går ut på det noverande HOG går saman med Petroleumsrådet og Vestlandsrøyret AS til det nye Hordaland Olje og Gassenter

Mindretalet røysta på eit forslag frå Kyrre Stensnes, SV, om å legge ned Hordaland Olje og Gassenter og be fylkesrådmannen kome attende med sak om støtte til nye, fornybare energikjelder i Hordaland.

Hordaland Olje og Gassenter er Hordaland fylkeskommune sitt organ for saker om petroleum. Det skal vere ein pådrivar og tilretteleggjar for utnytting av naturressursane på norsk sokkel til verdiskaping i Hordaland.
Petroleumsrådet er ein medlemskapsorganisasjon for petroleumsrelaterte verksemder, mens Vestlandsrøyret er eit aksjeselskap med 16 kommunar og 10 verksemder som eigarar. Desse er positive til samanslåing.

Endeleg vedtak skjer i fylkesutvalet 30. januar.

Bjarte Brask Eriksen

18.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart