Lindås kan få byggjegrense mot sjø

Lindås kommune bør få ei minimum byggjegrense mot sjøen på til dømes 50 meter, meiner fleirtalet i komité for miljø og samferdsel. Denne bør gjelde både eksisterande og nye byggjeområde. Kommunen bør og få ein funksjonell strandsone.

Tilrådinga kjem i samband med rullering av kommuneplanen. Fleirtalet i komiteen går inn for at kommunen skal handheve ein restriktiv plan- og dispensasjonspraksis. For å unngå ulik praksis bør det i føresegnene til kommuneplanen setjast ei minimum byggjegrense mot sjøen. Komiteen foreslår at denne kan vere til dømes 50 meter, og vil ha innteikna ein funksjonell strandsone i planen.

Fleirtalet i komiteen vil differensiere vidare utbygging ut frå nærleik til sentrale område. Nær sentrale område bør det byggjast relativt tett. Elles viser komiteen til at det er etter måten godt samsvar mellom kommuneplanen og mål og retningslinjer i fylkesplanane.

Mindretalet på tre, Frp, ville ha ein plan som ikkje er restriktiv, men som er ”god og tenleg for folket i kommunen”. I tillegg må planen sikre verneinteresser langt på veg og parallelt leggje tilhøva til rette for positiv vekst i lokalsamfunnet.

Saka blir endeleg avgjort i fylkesutvalet 30. januar.

Bjarte Brask Eriksen

19.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart