Hordaland er det det tredje største innvandrarfylket i landet, etter Oslo og Akershus, og har satsa aktivt på å integrere innvandrarar og flyktningar i samfunnet. - Hordaland er ein pioner på dette feltet, seier rådgjevar Jorun Hermansen i UDI, Oslo.

På biletet rådgjevar Jorun Hermansen, UDI (t.h.) og prosjektleiar Liv Tvilde Laading i Hordaland fylkeskommune som har utvikla den såkalla Hordalandsmodellen som går ut på å sette det offentlege støtteapparatet betre i stand til å ta i mot innvandrarar og flyktningar.
Lagt merke til
Hermansen seier UDI har lagt merke til arbeidet Hordaland fylkeskommune har gjort for å integrere innvandrarar og flyktningar i samfunnet. I tillegg til Hordaland, er Hedmark og Vest-Agder fylkeskommunar i gang med pionerprosjekt. For å utveksle erfaringar og idear var Hordaland fylkeskommune vertskap for eit møte om etnisk mangfald som utfordring for offentleg sektor. På møtet deltok sentrale personar i UDI og representantar frå dei tre fylkeskommunane.
Første gongen
- Dette er første gongen desse tre fylka møtast for å diskutere prosjekta. Korleis tenkjer vi, kva utfordringar har vi, og korleis kan vi hjelpe kvarandre. Det er ikkje meininga at alle tre modellane skal bli kopiar av kvarandre, men vi treng heller ikkje finne opp krutet på nytt
Målet framover er at alle tre fylka skal byggje opp kompetanse hos dei tilsette, seier Hermansen.
UDI gjev no støtte til desse tre fylka slik at dei kan utvikle sine modellar vidare. Hordaland har fått støtte frå UDI sidan 1999 (mellom 300.000 og 400.000 kroner årleg). Frå hausten 2002 fekk dei to andre fylka og støtte frå UDI.
Ein spydspiss
UDI er svært nøgd med arbeidet som Hordaland fylkeskommune gjer.
- Kompetansen som Hordaland har, høver svært godt inn i det arbeidet som UDI gjer. Det passar inn i handlingsplanen vår, seier Hermansen som og er svært nøgd med arbeidet dei tilsette i Hordaland gjer.
- Prosjektleiar Liv Tvilde Laading er ein spydspiss. Ho har enorm kunnskap og kompetanse. Det å finne rett person er viktig. Klimaet og viljen må vere der. Personaldirektør Geir Davidsen har vilje til å gjennomføre dette. Han ser eit stort potensiale i rolla fylkeskommunen kan spele overfor kommunale, fylkeskommunale og statlege verksemder på dette feltet. I Bergen kommune vil eg gje ros til Åmot Himle som var med frå starten. Alle desse er markerte personar. Det er viktig at vi har desse til å marknadsføre prosjektet, seier Hermansen.
Sjå bilete frå møtet mellom dei tre fylkeskommunane og UDI i Bergen
Meir informasjon på internettstaden "Det fleirkulturelle Hordaland"
Bjarte Brask Eriksen