Diskuterte Sellafield med den britiske ambassadøren

Utsleppa frå Sellafield og norsk-britisk samarbeid vart diskutert då den britiske ambassadøren i Noreg, Mariot Leslie, møtte representantar for Hordaland fylkeskommune fredag 31. januar.

På biletet overrekker fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg praktboka om dei norske fjordane til den britiske ambassadøren Mariot Leslie.

Den britiske konsulen
Møtet fann stad i Fylkeshuset i Bergen. I tillegg til ambassadøren deltok den britiske konsulen i Bergen, Rolf Chr. Hestness. Fylkesvaraordførar Torill Selsvoll Nyborg var vert under visitten i Hordaland fylkeskommune. Elles deltok fylkesordførar Gisle Handeland og fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Kultur og utdanning
Tema under samtalane var mellom anna samarbeidet Hordaland har med Cardiff, Edinburgh og Orknøyane, spesielt innan kultur og teknologisk utdanning. Noreg har mellom anna fleire tusen studentar i Edinburgh. Vidare vart utviklingstrekk i Hordaland og utfordringar framover diskutert.

Sa sei lei
Sellafield og uroa for utsleppa av radioaktivt avfall vart og tekne opp med den britiske ambassadøren. Ho refererte til den offisielle britiske haldninga, men sa sei lei for at utsleppa skaper frykt her i landet og at det går spesielt utover fiskerinæringa.

Fem månader i Noreg
Mariot Leslie har vore britisk ambassadør i Noreg sidan september i fjor, men trass den korte funksjonstida, snakkar ho svært bra norsk. Leslie har mellom anna studert norsk språk i Edinburgh og budd ein månad i Trondheim. Før ho kom til Noreg, arbeidde ho ved den britiske ambassaden i Roma.

Bjarte Brask Eriksen

31.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart