Byggjearbeida i rute ved Sund vidaregåande skule

Byggjearbeida ved Sund vidaregåande skule er i rute. Også kostnadsramma ser ut til å halda. Om nokre få månader skal 308 elevar få undervisning i det som i dag er eit anleggsområde.

Råbygget tatt form
Fungerande fylkesbyggesjef og prosjektleiar for Sund vidaregåande skule, Harald Lyssand, opplyser at byggjearbeida ved Sund vidaregåande skule går etter planen. Like over påske starta grunnarbeida. No har råbygget tatt form.
Sund vidaregåande skule ligg i Skogsvåg, like ved Skogsvåg skule. Her er også idrettshall og idrettsbane. Fylkeskommunen har delteke med innskot på 4 millionar kroner idrettshallen som også den vidaregåande skulen skal nytta.
Nybygget har eit bruttoareal på 6200 kvadratmeter, inklusiv den nye tannklinikken som blir ein integrert del av det nye skuleanlegget.

Overraskingar
Ved byggjearbeid av denne storleiken vil det koma overraskingar. Sund vidaregåande skule er ikkje noko unntak i så måte.
- Vi har ikkje har fleire overraskingar i dette prosjektet enn det ein må rekna med. Like bak skulebygget ligg ei myr. Vi trudde den var sjølvdrenerande, noko som synte seg å vera feil. Dermed må vi drenera denne. Ut over det har vi ikkje møtt større overraskingar, seier Lyssand.

God framdrift
Framdrifta i byggjearbeida er god.
- Det går fort på fram, og vi held timeplanen. Alt ligg til rette for at skulen skal vera klar til å ta imot elevane ved skulestart hausten 2003. Avtalen er at bygget skal vera ferdig 1. juni. Då skal ein ta til med møbleringa og klargjera bygget for drift, fortel Lyssand.
- Førebels held vi oss og innanfor den vedtekne kostnadsramma. Vi har relativt små reservar å gå på, men eg meinar at vi skal greia å halda oss innanfor ramma, seier prosjektleiaren. Dette trass i at prosjektet blei utsett i eitt år utan at kostnadsramma blei justert i høve prisstigning.
Kostnadsramma for skuleanlegget, inklusiv tannklinikken og tilskot til idrettshall, er på 109, 5 millionar kroner.

Sjå bilete frå skulen som er under bygging

Nils Marton Aadland

06.01.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart