I desember 2002 var trafikken 245.910 passeringar, eller 7.933 pr døger. Dette er ein auke på 5,1 % i høve til desember 2001. I 2002 passerte 3.223.542 køyretøy Nordhordlandsbrua. Det er ein auke på 5,2 % i høve til året før.
Bompengeinntektene var på 118,5 mill. kroner, medan renteutgifter var ca 20 mill. kroner og innkrevjingskostnadene oppunder 7 mill. kroner. Tala er førebelse og ikkje reviderte.
Lånegjeld
I 2002 vart lånegjelda nedbetalt med 75 mill. kroner. Lånegjelda er etter dette på 350 mill. kroner. Det er eit obligasjonslån med rente på 5,32 % som forfell til betaling 30. juni 2003. Ved utgangen av 2002 stod det 35 mill. kroner til rådvelde av innkomne bompengar.
I følgje Vegdirektoratet vil Nordhordlandsbrua vera nedbetalt i 1. halvår 2006. Dersom trafikkauken på 4 til 5 prosent vil held fram, tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast i 1. kvartal 2006.
Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:
År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døger
1994 - 583 171 - - 6 012
1995 - 2 376 183 - - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 3.064 086 - 4,0 - 8 395
2002 - 3.223.542 - 5,2 - 8.832

Nils Marton Aadland