Vil halda på dagens kompetansekrav til rektor

Kompetansekrava som dagens opplæringslov stiller til rektor, bør gjelda også i framtida, meiner Hordaland fylkesutval (Vedteke med 11 mot fire (H, Frp) røyster). Det går fram av fråsegna fylkesutvalet har vedteke i tilknyting til høyringsdokumentet ”Lokal

Dagens lov krev at rektor skal oppfylla kompetansekrava som gjeld for å vera tilsett i undervisningsstilling og ha tre års praksis frå undervisning eller skuleadministrasjon. Slik bør det også vera i framtida, meiner fylkesutvalet. Regjeringa føreslår å oppheva desse kompetansekrava.

Fylkesutvalet gjekk med ni (Ap, SV, V, 1 Krf, uavh.) mot seks (H, Frp, Sp, 1 Krf) røyster imot departementet sitt forslag om å oppløysa klassestrukturen.

Regjeringa i sitt høyringsdokument med framlegg om endringar i opplæringslova er ein lekk i arbeidet med å betra kvaliteten på norsk skule. Endringane skal gje det lokale nivået høve til å organisere grunnopplæringa meir etter kva som passar lokale tilhøve.

Departementet føreslår at det skal takast inn ein ny paragraf (§ 13-10) i opplæringslova som presiserer ansvaret skuleigaren har for at skulen vert tilført naudsynte økonomiske ressursar og følgjer dei daglege og formelle krava som gjeld for skulen. Fylkesutvalet finn det unødvendig å lovfesta dette i ein eigen paragraf. Utvalet meiner at det etter §13-9 i lova bør vera klart nok at utgiftene ligg på kommunane og fylkeskommunane.

Fylkesutvalet si fråsegn:
«Fylkesutvalet meiner at kontaktlærar kan vere eit like godt omgrep som elevkontakt då denne nemninga allereie vert brukt i andre samanhengar.
Fylkesutvalet finn det unødvendig å ta inn ein ny § 13-10 med slik ordlyd som foreslått. Dagens kompetansekrav til rektor bør framleis gjelde.
Fylkesutvalet er samd i departementet sitt framlegg i endring av § 3 i opplæringslova.
Fylkesutvalet har ingen prinsipielle innvendingar mot at den sakkunnige vurderinga frå PPT, som stadfestar at søkjar er særdeles lite skolemotivert, heimla i § 11-12, tredje ledd i Forskrift til opplæringslova, fell vekk.
Fylkesutvalet er kritisk til at departementet kjem med og vil koma med forslag om endring av Opplæringslova bit for bit og ikkje som eit heilskapleg lovendringsframlegg der også konsekvensane av lovendringane kjem fram.
Fylkesutvalet vil og peika på det uheldige ved den korte høyringsfristen til Moderniseringsprosjekt. Denne korte fristen fråtek skulane og fylkeskommunane å drøfta lovframlegget på ein forsvarleg måte. Eit vilkår for denne omlegginga er at ressursar vert auka for skulane, snarare enn å verta reduserte.»

Kjellaug Holm (H) sette fram slikt forslag:
«Fylkesutvalet sluttar seg til høyringsforslag – moderniseringsprosjektet – lokalt handlingsrom i organisering av grunnopplæring.» Dette framlegget fekk 5 røyster (H og Frp) og fall.

Stanley Hauge

10.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart