Spørsmålet om å etablere teaterhøgskule i Bergen har vore teken opp og utgreidd ei rekkje gonger dei siste 30 åra. Felles for alle tidlegare utval og innstillingar er at dei alle tilrår igangsetjing av arbeidet med å etablera teaterhøgskule i Bergen.
Under arbeidet med fylkesdelplanen for kultur 1996-2003 i Hordaland vart spørsmålet om ein teaterhøgskule i Bergen og på Vestlandet teken opp att. Eitt av dei prioriterte tiltaka i fylkesdelplanen er å få fram ein handlingsplan for oppretting av ein ny teaterhøgskule i Bergen.
For å arbeida med tiltaket vart det sett ned ei styringsgruppe med representantar for Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, Hordaland Teater, Den Nationale Scene, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.
Utgreiinga «Scenekunstutdanning i Bergen» låg føre 12. mai 1998.
Tilrådinga frå komitéen har slik ordlyd
1. Det vert nedsett eit politisk styrt strategiutval for oppretting av scenekunstutdanning i Bergen. Strategiutvalet skal arbeida for å løfte saka opp som ei prioritert sak for kommune, fylke og region, og å finna ein strategi for å trekkja staten inn i utvikling og finansiering av tiltaket. Vidare må det arbeidast for å sikra drift og utvikling av utdanningstilbodet.
2. Strategiutvalet får slik samansetting:
1 medlem oppnemnd av fylkesutvalet.
Oddvar J. jensen og Jørgen Øydvin oppnemnde av komité for kultur og helse.
2 medlemer oppnemnde av Bergen kommune.
Fylkeskommunar i vestlandsregionen vert inviterte til å delta.
3. Saka vert lagt fram for Vestlandsrådet.
Saka skal opp i fylkesutvalet 19.-20. februar.
Eli Lothe