Vidaregåande skolar får tilbake fondsmidlar

Fylkesrådmannen går inn for at dei vidaregåande skolane i Hordaland som fekk strokne overskota sine i 2001 får desse tilbakebetalt i år. Ti skolar får dermed ei reel styrking av budsjetta med til saman vel 4,3 millionar kroner. I tillegg får sju skolar ti

Fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg er svært nøgd med denne utviklinga.
– Eg er glad for at vi no kan begynna å betala tilbake det vi tok inn frå desse fonda. I samband med tiltak for å få 2002 budsjettet i balanse, vart alle eksisterande disposisjonsfond ved skolane trekte inn. Vi visste dette var uheldig, og det er difor svært hyggjeleg at vi no startar arbeidet med å retta dette opp, seier ho.
Fylkesvaraordføraren legg til at det som no skjer er ei begynning, og at målet på sikt er å betala tilbake alt som blei trekt inn.

Følgjande skolar får reell budsjettstyrking i 2003:

Fana gymnas kr 73.143
Voss gymnas kr 219.399
Bergens handelsgymnasium kr 177.069
Arna yrkesskule kr 343.472
Stord yrkesskule kr 1.929.476
Fitjar vidaregåande skule kr 14.184
Bergen maritime vgs. kr 547.380
Stend jordbruksskule kr 271.271
Sjukehusundervisningen kr 652.162
Valekrossen kr 145.607

Nokre av skolane som hadde overskot i 2001 har underskot i 2002.
Fylkesrådmannen meiner at overskot frå 2001 kan avreknast mot underskot i 2002. Dette gjeld følgjande skolar/beløp:

Fana gymnas kr 206.586
Osterøy vidaregåande skule kr 17.260
Stord vidaregåande skule kr 134.925
Rubbestadnes yrkesskule kr 49.336
Stord yrkesskule kr 524.342
Bjørgvin videregående skole kr 493.257
Bergen maritime vgs. kr 235.815

Fylkesutvalet skal handsama saka i møte 19. februar. Fylkestinget gjer endeleg vedtak i mars.

Nils Marton Aadland

13.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart