Vestlandsrådet: Krev betre linjenett for sikker straumforsyning

Vestlandsrådet er uroa over at linjenettet i landsdelen har flaskehalsar som gjer at det kan oppstå kritiske situasjonar med straumforsyninga. I ei fråsegn til energi- og miljøkomiteen i Stortinget ber vestlandsrådet om at det vert sett fortgang i dei akt

I fråsegna vert det vist til at dei fire fylka på Vestlandet står for ein samla produksjon på omlag 53 Twh årleg. Dette er over 43% av produksjonen av elektrisk kraft i landet. Av dette går 33% til alminneleg forsyning internt, 31% til kraftkrevjande industri, og 36% går ut av regionen.

Trass i dette har linenettet på Vestlandet ein del flaskehalsar:
Sunnhordland og Bergenshalvøya vil ha trong for auka overføringskapasitet om det ikkje vert ein vesentleg auke i produksjon frå andre energikjelder i området. Bergensområdet går gradvis inn i ein situasjon frå å vera i energimessig balanse til å bli eit underskotsområde med netto behov for import. Området er effektsmessig i underskot vinterstid. I visse periodar vil BKK-området berre bli forsynt frå Mauranger, og feil på dette sambandet kan derfor vera kritisk, påpeikar Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet viser også til at det er avgrensa kapasitet i SKL-området og liten overføringskapasitet mellom Sauda og Sørlandet/Austlandet. Import av kraft til området vert avgrensa av leidningane i Sauda-snittet og det er derfor inngått ein avtale med Norsk Hydro om fråkopling på Karmøy ved utfall av linjene i Sauda-snittet.

Stanley Hauge

04.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart