Uroa over avvikling av differensiert arbeidsgjevaravgift

Hordaland fylkesutval ser med stor uro på at den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan verta teken bort. For Hordaland vil dette gje auka kostnader for arbeidsgjevarane med 231 millionar kroner kvart år.

Dette vil få alvorlege konsekvensar for næringslivet og sysselsetjinga i fylket. Fylkesutvalet føreset at regjeringa etablerer nye regionalt styrte kompensasjonsfond eller nye distriktspolitiske verkemiddel som motverkar verknaden av omlegginga, heiter det i ei fråsegn eit samrøystes fylkesutval har vedteke å senda regjeringa.

EFTA-domstolen har avgjort at den differensierte arbeidsgjevaravgifta i Noreg er ulovleg offentleg støtte og at ordninga må avviklast frå 2004. Noreg har frist til 25. mars i år med å leggja fram eit nytt system for støtte til distrikta.

Frå 1. januar 2000 skjedde det på bakgrunn av EFTA-domstolen si avgjerd endringar av arbeidsgjevaravgifta for ei rekkje næringar. 14 kommunar i landet, av dei heile ni i Hordaland, vart råka av den omlegginga. Arbeidsgjevaravgifta i desse kommunane auka frå 10,6% til toppsatsen 14,1%.
Frå 2004 er kravet at heile den differensierte ordninga skal avviklast. I Hordaland vil det råka desse 14 kommunane: Etne, Tysnes, Kvinnherad, Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam, Modalen, Fedje, Masfjorden og Bømlo.

Dei 14 kommunane sine kostnader med arbeidsgjevaravgift vil auka med ca. 51 mill. kr årleg viser utrekningar som Møreforsking har gjort. Privat sektor i desse kommunane vil få 170 mill. kr meir i utgifter til arbeidsgjevaravgifta. Fylkeskommunen si verksemd i desse kommunane vil verta påført auka kostnader med ca. 10 mill. kr.

Stanley Hauge

21.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart