Udekka behov for kommuneplankonferansar

Det er eit udekka behov for kommuneplankonferansar. Det går fram av rapporten frå kommuneplankonferansen for Hordaland 2002 som no er klar og sendt kommunar og deltakarar på seminaret. I tillegg er rapporten lagt ut på internett. Konferansen samla 180 del

På biletet landbruksdirektør i Hordaland, Ole Bakkebø, (nr. to f.h.) som brukte spissformulering for å få debatten i gang, her med Gunnar Bergo, Voss kommune (f.v.), fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg, og direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve.

Årviss hending
Kommuneplankonferansen, som var ei nyskaping i 2001, vil ein no gjera til ei årviss hending. I 2002 deltok i alt 180 deltakarar, og 30 kommunar var representert med administrasjon og/eller politikarar. Det er tydelege signal på at kommunane har eit udekka behov for denne typen arenaer.

I starten av 2002 vedtok fylkesutvalet nye prinsipp for handsaming av kommunale plansaker. Fylkeskommunen skal i følgje dette vedtaket prioritera saker med regionalpolitiske interesser slik dei kjem til uttrykk gjennom vedtekne fylkesplanar eller fylkesdelplanar og aktuelle fylkeskommunale vedtak. Alle fråsegner til kommuneplanar skal handsamast politisk, og i 2002 vart seks kommuneplanar lagt fram for fylkesutvalet.

Lagt om strategien
Fylkeskommunen har lagt om strategien i arbeidet mot kommunane, heilt i tråd med vedtaket i fylkesutvalet i mars 2002. Fylkeskommunen prioriterer nå kommuneplanarbeidet i kommunane framfor einskiltsakene. Gjennom eit aktivt og oppsøkjande arbeid med fokus på erfaringsutveksling og rettleiing, er målet å koma vekk frå handsaming av dispensasjonar og einskildsaker. Gjennom direkte samarbeid med den einskilde kommune, vil vi arbeide for å få fram gode kommuneplanar som kan fungera som det styringsverktøyet det er meint å vera. Einskildsakene skal likevel handsamast etter kulturminnelova.

Planforum
Rettleiing i kommuneplanarbeidet skjer gjennom skriftlege tilbakemelding på oppstartsmeldingar, møte eller synfaringar i kommunane med administrasjonen og/eller politikarar, og gjennom møta i Planforum. Det siste året er det halde 11 møte i Planforum, og 12 kommunar har presentert sine planar.

Strandsone-nettverk
Det er starta opp eit "strandsone-nettverk" for dialog og erfaringsutveksling mellom sakshandsamarar i kommunane i tillegg til fylkeskommunen og fylkesmannen.. Målet er å få ein meir differensiert og lokalt tilpassa strandsoneforvaltning der omsynet til næringsverksemd og miljøverdiar vert vektlagt. Viktige tema har vore mellom anna planjuss, "funksjonell strandsone" og retningsliner for naustbygging. Strandsonenettverket har hatt 3 samlingar og 27 kommunar har vore innom. Ein eigen temadag i strandsoneforvaltning vart arrangert i april med over 100 deltakarar.

Les rapporten frå kommuneplankonferansen 2002

Nyhendesak med bilder frå kommuneplankonferansen 2002

Torbjørg Austrud

26.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart