Komité for kultur og helse rår samrøystes til at Hordaland fylkeskommune arbeider for ei vidare utbygging av ein profesjonell regionopera for Vestlandet.
Tilrådinga frå komiéen har slik ordlyd:
1. Hordaland fylkeskommune opprettheld sin representasjon i styret for det regionale operaselskapet Vest Norges Opera.
2. Hordaland fylkeskommune vil arbeide for ei vidare utbygging av ein profesjonell regionopera for Vestlandet.
3. Det vert etablert eit samarbeidsforum for dei ulike kulturinstitusjonane som inngår i operaproduksjonen. Samarbeidsforumet skal rapportere årleg til Komite for kultur og helse, Hordaland fylkeskommune.
4. Hordaland fylkeskommune ynskjer å tre inn med styrerepresentasjon i Stiftelsen Opera Vest.
5. Hordaland fylkeskommune ynskjer at Stiftelsen Vest Norges Opera og Stiftelsen Opera Vest held fram som offentleg støtta operaproduksjonsselskap.
Saka skal opp i fylkesutvalet 19.-20. februar.
Eli Lothe