Hordaland fylkesutval har vedteke å oppretta eit politisk styrt strategiutval skal arbeida for oppretting av scenekunstutdanning i Bergen. Fylkesutvalet har vedteke at utvalet skal ha tre medlemer frå Hordaland fylkeskommune og to frå Bergen kommune. Fylk
Prioritert sak
Strategiutvalet skal arbeida for å løfte saka opp som ei prioritert sak for kommune, fylke og region, og å finna ein strategi for å trekkja staten inn i utvikling og finansiering av tiltaket. Vidare må det arbeidast for å sikra drift og utvikling av utdanningstilbodet, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.
Som Hordaland sine medlemer i utvalet er desse oppnemnde Kjellaug Holm (H) frå fylkesutvalet og Oddvar J. Jensen (Krf) og Jørgen Øydvin (uavh.) oppnemnde frå komiteen for kultur og helse.
Teaterhøgskule
Tom-Christer Nilsen (H) føreso at det skulle vera to medlemer frå fylkeskommunen og to frå Bergen kommune. Forslaget fekk fem røyster (H, Frp, uavh.) og fall.
Spørsmålet om å etablere teaterhøgskule i Bergen har vore teken opp og utgreidd ei rekkje gonger dei siste 30 åra. Felles for alle tidlegare utval og innstillingar er at dei alle tilrår igangsetjing av arbeidet med å etablera teaterhøgskule i Bergen.
Handlingsplan
Under arbeidet med fylkesdelplanen for kultur 1996-2003 i Hordaland vart spørsmålet om ein teaterhøgskule i Bergen og på Vestlandet teken opp att. Eitt av dei prioriterte tiltaka i fylkesdelplanen er å få fram ein handlingsplan for oppretting av ein ny teaterhøgskule i Bergen.
For å arbeida med tiltaket vart det sett ned ei styringsgruppe med representantar for Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, Hordaland Teater, Den Nationale Scene, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Utgreiinga «Scenekunstutdanning i Bergen» låg føre 12. mai 1998.
Stanley Hauge