Omorganiserer Hordaland Olje og Gassenter

Hordaland fylkesutval har vedteke at Hordaland Olje og Gassenter (HOG) vert omorganisert. Det noverande HOG skal gå saman med Petroleumsrådet og Vestlandsrøyret AS til det nye Hordaland Olje og Gassenter. Vedtaket vart gjort mot ei røyst (SV).

Hordaland Olje og Gassenter er Hordaland fylkeskommune sitt organ for saker om petroleum. Det skal vere ein pådrivar og tilretteleggjar for utnytting av naturressursane på norsk sokkel til verdiskaping i Hordaland. Petroleumsrådet er ein medlemskapsorganisasjon for petroleumsrelaterte verksemder, mens Vestlandsrøyret er eit aksjeselskap med 16 kommunar og 10 verksemder som eigarar. Desse er positive til samanslåing.

Etter integreringa av dei tre organisasjonane vil HOG vera open for verksemder innan petroleumsklynga, organisasjonar og kommunar i Hordaland.

Stanley Hauge

07.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart