Tysnes kommune skal få ny tannklinikk i leigde lokale hjå Vågetunet AS i Våge, har Hordaland fylkesutval vedteke. Fylkesutvalet har løyvd 750 000 kroner til den nye klinikken.
Fylkeskommunen står utan tannklinikk i Tysnes etter brann i leigde lokale hjå kommunen på Uggdal. Etter fylkestannlegens syn bør klinikken lokaliserast til Våge, m.a. av kommunikasjonsomsyn. Etter vurdering av ulike alternativ er tilbod frå Vågetunet AS funne mest tenleg. Det aktuelle bygget er relativt nytt, med daglegvarebutikk i 1. etasje, og uinnreidd 2. etasje der det er planlagd seks seksjonar med eit husvære i kvar.
Vågetunet AS tilbyr ein av seksjonane til tannklinikk, og då anten til leige eller kjøp. Ettersom ein reknar med at tannhelsetenesta treng lokalet i minimum 10 år, er kjøp vurdert som meir tenleg enn leige.
Kjøpesum er sett til kr 450 000,-, og totalkostnad med ymse utgifter stipulert til kr 500 000, Planleggingskostnaden for innreiing av klinikken er kalkulert til kr 250 000. Løyvinga på kr 750 000,- skal gå til kjøp av ein seksjon av bygget og innreiinga.
Stanley Hauge