Ny handsaming av museumsplanen

Komité for kultur og helse har, mot 3 røyster (H), vedteke at det skal arbeidast vidare med museumsplanen og eit nytt planutkast for museumsstrukturen i Hordaland.

Fellesforslaget frå A, KrF, Sp og V har slik ordlyd:
” Komité for kultur og helse sluttar seg i hovudsak til Fylkesdelplan for Museum slik den er lagt fram til politisk handsaming. Det må likevel arbeidast vidare med dei store trekka i sjølve museumsstrukturen. Ikkje minst må det fagleg-tematiske få større vekt ved dei vegval som gjerast. Konkret betyr dette:

1. Ut frå si eigenart og sine særeigne oppgåver vert Baroniet Rosendal, Norsk vasskraft- og industristadmuseum og Bergens Sjøfartsmuseum eigne konsoliderte museum. Ut frå same tankegang må også Fartøyvernsenteret, Lyngheisenteret og Havråtunet sikrast ei driftsform som tek vare på musea sin eigenart.

2. Folkemusea skal vurderast samla som konsolidert til eitt museum.

3. Spørsmålet om framtidige eigartilhøve vert avklart i dialog med dei aktuelle eigarane.

Eit arbeidsutval med
1. Harald Hove
2. Oddvar J. Jensen
3. Terje Hermansen
4. Aud Karin Oen
5. Berit W. Eldøy
som medlemer arbeider saman med kulturadministrasjonen fram eit nytt planutkast.

Arbeidsutvalet konstituerer seg sjølv med val av leiar.

Komité for kultur og helse ber om at saka så vert lagt fram på møte i komitéen 9. april 2003. ”

Meir om museumssaka:
http://www.hordaland-f.kommune.no/kultur/

Eli Lothe

11.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart