Lindås bør få byggjegrense mot sjø

Vi føreset at Lindås handhevar ein restriktiv plan- og dispensasjonspraksis med heimel i planen. For å unngå ulik praksis ved reguleringsplan for byggjeområde, bør det i føresegnene for kommuneplanen setjast ei minimum byggjegrense, til dømes 50 m, i høve

Dette bør gjelde både for eksisterande og nye byggjeområde. Innteikning av funksjonell strandsone bør inngå i den vidare rulleringa av planen, heiter det i Hordaland fylkesutval sitt vedtak i samband med rulleringa av kommuneplanen for Lindås kommune.

Fylkesutvalet sitt vedtak på dette punktet vart gjort med åtte (Ap, SV, V, SP) mot sju (H, Krf, Frp, uavh.) røyster. Mindretalet røysta imot at dette punktet skulle takast med.

Fylkesutvalet viser i vedtaket til gjeldande fylkesplan, fylkesdelplan for kystsona, fylkesdelplan for kulturminne og legg til grunn at det er forholdsvis godt samsvar mellom mål og retningsliner i desse planane. Fylkesutvalet meiner at Lindås kommune gjennom kommuneplanen som ligg føre har fått ein god reiskap til å styre utviklinga. Ved visse justeringar av føresegner og retningsliner vil planen gje eit godt grunnlag for å forvalte areala.

Planen bør innebere ei differensiering av utbygging ut frå nærleik til sentrale område. Nær sentrale område bør det leggjast ut byggjeområde med relativt tett utbygging, meiner fylkesutvalet.

Hordaland fylkeskommune tek atterhald om arealbruken i kommuneplanen inntil undersøkingsplikta, jf. § 9 i kulturminnelova er oppfylt.
Alle freda kulturminne bør visast som bandlagt areal på arealplankartet. Dette gjeld alle automatisk freda kulturminne og løe på Søre Titland som nyleg er datert til 1500-talet. I føresegnene bør det stå at alle tiltak nærare 100 meter frå automatisk freda kulturminne krev godkjenning frå det regionale kulturminnemyndet, heiter det i vedtaket i fylkesutvalet.

Stanley Hauge

06.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart