
På biletet underteiknar fungerande opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune (t.h.) og leiar i Ementor, Tom Georg Olsen, kontrakten.
Spydspiss
- Dette er ein historisk dag. Dette verktøyet blir ein spydspiss inn i skulen, sa fungerande opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune då kontrakten vart underteikna. Totalt skal fylkeskommunen investere 4,2 millionar kroner.
Prøveprosjekt
Til våren skal seks vidaregåande skular delta i eit prøveprosjekt om den nye Skoleportalen. Frå skulestart i august blir det virtuelle klasserommet tilgjengeleg for alle dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland gjennom Skoleportalen.
- Dette vil lette planlegging og arbeidet i skulen, og lette kommunikasjonen mellom skulane, sa Fjeld.
Kontrakt
Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt med to firma om levering av det virtuelle klasserommet. Hovudleverandør Ementor skal levere webpubliseringsverktøyet eCubes4.0, mens underleverandør It:Solutions skal levere (e)læringsplattforma It’s Learning.
Hordaland fylkeskommune har vore tidleg ute med satsing på breibandsnett. Innan våren 2003 skal så godt som alle vidaregåande skolar ha tilgang på eit 100 megabits breibandnett – som gir eit ypparleg utgangspunkt for vidare satsing på ymse dataverktøy.
20 000 elevar, læringar og lærarar
Om lag 20 000 elevar, lærlingar, lærarar og andre har alt no tilgang på Internett med eigen epost-konto, kalender og webside. Det er mogleg å halda styr på alle desse brukarane gjennom den infrastrukturen It-seksjonen i fylkeskommunen har valt å utvikla via ein sentral katalogteneste på tenarar i Fylkeshuset.
Slik skal Skoleportalen byggast ut:
· Skoleportalen vil fyrst bli bygd med webpubliseringsverktøyet eCubes. Dette verktøyet skal kunna nyttast til å byggja web-sider i heile opplæringssektoren – låg brukarterskel og standardisering er nøkkelord.
· Skoleportalen skal innehalda fagleg informasjon, lenker til fagleg kvalitetssikra databasar, nyhende, lenker til kultur-, sport- og utvekslingssider på web m.m. for aktørane i vidaregåande skole
· Skoleportalen skal på forsida ha innlogging til (e)læringsplattforma It’s Learning (til å byggja ”virtuelle” klasserom). Ei felles løysing frå fylkeskommunen med omsyn til læringsplattform er noko skolane har etterspurd og vil vera i tråd med den moderne vidaregåande opplæring som mellom anna skal vera prosjektorientert og elevtilpassa.
(e)læringsplattform:
1. elevane har eigen konto med meldingssystem, kalender, fag/prosjekt/diskusjonsgrupper dei er medlem av, oversikt over eigne resultat osv.
2. til å byggja ”virtuelle rom/fag”
3. til å administrera elevarbeid/rettigheitar, leggja ut informasjon/oppgåver/kommentarar
4. samarbeid mellom elevar, grupper, skolar på tvers av fag/geografisk område/tid
· På sikt vil vi setja i gong med prøveprosjekt med videooverføring – her vil satsinga på breibandsnettet verkeleg koma til sin rett då denne type verktøy krev stor linjekapasitet.
Bjarte Brask Eriksen