Hordaland fylkeskommune ser med stor uro på WTO-sekretariatet (Verda sin handelsorganisasjon) sitt forslag til ny landbruksavtale. Kraftige kutt i tollsatsane og halvering av landsbruksstøtta, spesielt dyre- og arealtilskot, vil innebera eit inntektsbortf

I fråsegna heiter det vidare: «Ei slik omlegging vil også kunna gjera småskalalandbruk svært vanskeleg, og mange arbeidsplassar i næringsmiddelindustri og tenestenæringar går tapt. I praksis vil omlegginga føra til at små land med desentralisert og miljøvenleg landbruk kan bli fråtekne retten til å produsera eigen mat. Hordaland fylkeskommune vil sterkt oppfordra regjeringa om å imøtegå innspelet frå WTO og arbeida for interessene som er knytte til norsk matproduksjon, kulturlandskap og busetnad.»
Fråsegna, som vart vedteken etter forslag frå Mali Grete N. Aksnes (Sp), vart vedteken med 13 mot to røyster (1 H, 1 Frp) på fylkesutvalet sitt møte 20. februar.
Stanley Hauge