Fylkeskommunen vil ha regionopera for Vestlandet

Fylkesutvalet rår til at Hordaland fylkeskommune skal arbeida for ei vidare utbygging av ein profesjonell regionopera for Vestlandet. For å få til dette, går fylkesutvalet inn for at det vert etablert eit samarbeidsforum for dei ulike kulturinstitusjonane

Samarbeidsforumet skal rapportere årleg til Komiteen for kultur og helse, Hordaland fylkeskommune, heiter det i tilrådinga frå fylkesutvalet som fylkestinget skal handsama 11.-12. mars.

Fylkesutvalet rår også til at fylkeskommunen skal oppretthalda representasjonen sin i styret for det regionale operaselskapet Vest Norges Opera, og ynskjer å tre inn med styrerepresentasjon i Stiftelsen Opera Vest.

Hordaland fylkeskommune ynskjer at Stiftelsen Vest Norges Opera og Stiftelsen Opera Vest held fram som offentleg støtta operaproduksjonsselskap.

Stanley Hauge

23.02.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart