«Vi har vore med å løfta tiltaksbarnevernet til eit kvalitativt godt nivå. Den faglege tenkinga i våre tiltak er fullt på høgde med det nyaste på området, og dette er vi stolte av. Staten kan vere godt nøgd med å få overta eit godt fylkeskommunalt barne-
Frå kommune – til fylke – til stat
Fylkeskommunen fekk ansvar for barnevernet frå 1. januar 1980. I heftet «Frå kommune – til fylke – til stat» vert utviklinga i dei 24 åra som er gått oppsummert. Heftet inneheld eit intervju med Arne Andersen som har leia barne- og familiekontoret i 18 år. Ein artikkel presenterer utviklingstrekk i perioden 1980-2003. Status ved utgangen av perioden, med oversikt over tiltak og plassar, finst sjølvsagt.
«Historien om "Tonje”»
I ein eigen artikkel vert utviklingstrekk ved fosterheimane omtala. Rolf Arne Nygård skriv om korleis ein opplever situasjonen frå barneverninstitusjonane sin ståstad. Familievernet, som fylkeskommunen fekk ansvaret for i 1998, er omtala i eigen artikkel. Nils Askvik ved Barnevernvakten skriv om utviklinga under tittelen «Brukerne har ordet». Under same tittelen er også «Historien om "Tonje"» presentert.
Les heftet ”Frå kommune – til fylke – til stat” (pdf-format)

Stanley Hauge