Vestlandsmakta samlar seg

- Vestlandsrådet er ei spanande nyskaping for politisk samarbeid og felles løft. Det gjev oss større tyngde til å fremja Vestlandet sine interesser og behov. Vestlandsmakta samlar seg, seier enkelte om dette samarbeidet, sa fylkesordførar Torill Selsvold

Vestlandsrådet har vore i funksjon i snart eitt år. Hordaland har leiinga og sekretariatsansvaret for rådet det komande året.

Kamp mot sentralisering
- Eg meiner det er naudsynt å ha eit regionalt nivå for å kjempe mot sentraliseringa mot Austlandet og mot avpolitisering i samfunnet. Det vil vera ein styrke for heile landet. Men er det fylkeskommunane eller Vestlandet som blir vår region i framtida? spurde fylkesordføraren

Positive krefter
Og svarte slik:
- Eg trur vi i løpet av dei komande 2 åra må drøfta grundig om vegen vidare går i retning av ein samla Vestlandregion – eller om vi klarar jobben godt nok gjennom samarbeid. Svaret ligg nok her mykje i kva som skjer før valet i 2005. Vi må utgreia føresetnadane for dei ulike fylka i Vestlandsrådet med sikte på eit storfylke. Mykje vil skje med den regionale tanke det komande året, og det er gledeleg at næringsliv og kompetansemiljøa også er positive krefter i desse prosessane.

Må byggja alliansar
Fylkesordføraren kom inn på møtet i Florø 6. november, det første med dei nyvalde medlemene for perioden 2003 til 2007.
- Her kom det klart fram at meiningane er delte om kor tett og formalisert samarbeidet skal verta. Størst er truleg skepsisen i Møre og Romsdal der fylkestinget har gjort vedtak på at dei ikkje vil vera med i ein Vestlandsregion. Dersom Vestlandsrådet skal få innflytelse, må vi vera viljuge til å søkja makt og påverknadskraft. Vidare må vi byggja alliansar med andre viktige krefter på Vestlandet. Dette gjeld kommunar, næringslivet, kompetansemiljøa, den regionale stat og ulike organisasjonar, sa mellom anna fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av fylkestinget.

Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av fylkestinget i Bergen 9. desember 2003

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget

Bjarte Brask Eriksen

09.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart