Tilrår passeringstak for bompengeringen i Bergen

Hordaland fylkesutval rår til at bompengeringen i Bergen får eit tak på 50 passeringar som det skal betalast for pr. månad. Fylkesutvalet rår også til at det vert innført rabattsatsar på 30 %, 40 % og 50 % knytt til kor stort abonnement ein kjøper.

Det nye takst- og rabattsystem for bompengeringen i Bergen skal setjast i verk frå 1. februar 2004. Taksten for liten bil aukar til 15 kroner, samstundes vert det innført betaling med elektronisk brikke. Kvar passering vert då automatisk registrert.

Fylkesutvalet går inn for at det i tillegg til abonnement som er betalt på førehand, skal vera høve til å ha abonnement med betaling i ettertid. Dette kan auka talet på dei som installerer elektronisk brikke i bilen, meiner fylkesutvalet. Like eins meiner fylkesutvalet at det bør opnast for bruk av felles-/firmaabonnement.

Dei som ikkje har brikke, meiner fylkesutvalet skal få høve til å betala manuelt med pengar i automat inntil det er kome avklaring med Datatilsynet om godkjenning av videofotografering.

Fylkesutvalet ber Vegdirektoratet å vurdera å behalde ordninga i dag med gratis passering mellom klokka 22.00 og 06.00 på kvardagar og i helga.

Stanley Hauge

04.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart