Snøggbåtrutene ut på anbod frå 2006

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å endra avtaleperioden for kvalitetskontraktar for snøggbåtdrifta frå fire til to år. Frå 1. januar 2004 vert det inngått ny kvalitetskontrakt med HSD Sjø for 2004-05. Fylkestinget har gjeve fylkesrådmannen i oppdrag å

Toårig kvalitetsavtale
På eit ekstramøte i fylkesutvalet etter at fylkestinget var avslutta 10. desember, vedtok fylkesutvalet ny toårig kvalitetsavtale med HSD Sjø.
Den nye kvalitetsavtalen med HSD Sjø bygger på nogjeldande avtale og dei avtalane som er inngått med bussrutelaga.
I saksutgreiinga heiter det at etter at nogjeldande avtale vart inngått, har tilhøva for snøggbåtrutedrifta endra seg. Det er serleg sjøfartsstyresmaktene sine krav til tryggleik og opplæring av mannskap som er skjerpa, og som har ført med seg ein særskilt kostnadsauke for båtrutedrifta. Då dette ligg utanfor rutelaget sitt herredøme, er det rimeleg at det vert kompensert for denne kostnadsauken, skriv fylkesrådmannen.

Av saksutgreiinga går det fram at slik kompensasjon vil kosta ca. 2,2 mill. kr årleg. Avtaleperioden er vidare for knapp til at rutelaget kan investere i nye og meir kostnadseffektive fartøy og gjennom det redusere kostnadane. Ein effektiviseringsgevinst kalkulert til 1,5 mill. kr over to år kan dermed ikkje realiserast.
Det auka kostnadsnivået vil bety at tilskota må aukast dersom ruteproduksjonen skal opprett­haldast uendra. Budsjettsituasjonen til fylkeskommunen tilseier at det kan bli vanskeleg å tilføra båtdrifta auka midlar, og alternativet kan då vera rutetilpassningar. I ein slik samanheng må ein sjå på heile båtrutedrifta i fylket. Fylkesrådmannen kjem attende med forslag til tiltak for korleis ruteproduksjonen kan tilpassast tilskotsråma, heiter det i saksutgreiinga.

Forslag som fall i fylkestinget
Då Fylkestinget handsama saka på møte onsdag 10. desember, sette Gisle Handeland (Ap) og Bjørn Lothe (SV) fram fellesforslag der dei føreslo å halda fast på kvalitetskontraktane. I forslaget heiter det:
«Fylkestinget ønskjer å framstå som ein etterretteleg avtalepartnar og står derfor fast på vedtaket av desember 2002 om å vidareføra kvalitetskontraktforma med ruteselskapa. Snøggbåtdrifta vert ikkje sett ut på anbod.»
Forslaget fekk 21 røyster (Ap., SV, RV) og fall.

Magnar Lussand (Sp) og Harald Hove (V) fremja eit felles forslag som fekk seks røyster (Sp, V) og dermed fall. Dette forslaget lyder:
«Fylkestinget vedtek at snøggbåtruta Bergen-Askøy og direkteruta Bergen-Kvinnherad vert sett ut på anbod snarast mogleg. Fylkestinget gjev fylkesutvalet fullmakt til å godkjenna desse avtalane. Ein legg til grunn at erfaringane frå desse to sambanda vil gjera fylkeskommunen betre i stand til å handsame anbod på dei andre snøggbåtsambanda.
Avtaleperioden for kvalitetskontraktar for dei andre sambanda vert 4 år. Fylkestinget gjev fylkesutvalet fullmakt til å godkjenna desse avtalane.
Fylkestinget legg til grunn at ordninga med kvalitetsavtalar vert erstatta med anbodsavtalar frå 1.1.2008.»

Stanley Hauge

12.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart