Skal gjere god jobb for ungdommen i Hordaland

- Eg synest dette er eit viktig verv, spennande, lærerikt og interessant. Vi skal greie å gjere ein god jobb for ungdommen i Hordaland, seier den nyvalde leiaren av Ungdommens fylkesting i Hordaland, Eivind Nævdal Bolstad.

Eivind Nævdal Bolstad skal leie Ungdommens fylkesting i Hordaland i eitt år framover. Dagmar Reutz Hillestad er kontaktperson i Hordaland fylkeskommune.

Bolstad er 16 år, frå Odda, går på grunnskurs allmennfag og har tre år bak seg som leiar av Odda ungdomsråd.

10 medlemmer
Ungdommens fylkesting i Hordaland blir skipa til kvar haust. Mellom fylkestinga fungerer Ungdommens fylkesutval som har møte stort sett kvar månad. Ungdommens fylkesutval i Hordaland har 10 medlemmer med Bolstad som leiar. Vidare er dei 10 medlemmene delt inn i tre utval med same struktur som i Hordaland fylkesting, med kultur- og ressursutval, opplærings- og helseutval og samferdselsutval. Dei får tilsendt alle saker som er til politisk behandling i fylkeskommunen.

Ungdomskortet
- Ei av dei viktige sakene vi skal kjempe for er å få Ungdomskortet til å gjelde for all kollektivtrafikk i fylket. I dag kan vi ikkje bruke kortet på ferjer og ein del bussar, seier Bolstad.
Ungdomskortet kostar 380 kroner månaden og gjeld frå det året ein fyller 16 år til dagen ein fyller 20.

Reklamefinansierte lærebøker
Ei anna sak Bolstad har engasjert seg i er billegare lærebøker i den vidaregåande skulen.
- Vi går inn for reklamefinansierte lærebøker i den vidaregåande skulen, men berre så lenge det ikkje går ut over den faglege delen, seier Bolstad.

Bjarte Brask Eriksen

05.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart