
Øvsttunsenteret er ein av institusjonane i det fylkeskommunale barne- og familievernet som går over til staten.
Rusvernet
Innan rusvernet er det i Hordaland fire institusjonar, Askøy behandlingssenter, Bergensklinikkene (Bergen), Kalfarkollektivet (Bergen) og Flonikollektivet (Radøy). Berre den sistnemnde vert direkte driven av fylkeskommunen. Frå årsskiftet overtek Helse vest drifta av Flonikollektivet. Når det gjeld dei tre andre, så trer Helse vest i første omgang inn i fylkeskommunen sine avtalar med desse institusjonane.
Barnevernet
Det nye statens barnevern og familievern overtek alle oppgåvene som fylkeskommunen har innan barne-, ungdoms- og familievern. Overføringa omfattar både dei fylkeskommunalt drive institusjonane og tenestene og dei institusjonane fylkeskommunen har avtalar med.
Fem regionkontor
Statens barnevern og familievern er organisert med eit nasjonalt kontor på toppen og med fem regionkontor. Regionkontor vest får lokale i Strandgaten 59 i Bergen.
Ein del av dei som arbeider ved fylkeskommunen sitt barne- og familiekontor vert å finna i staben i den nye regionkontoret. Men ein vesentleg del av tenestene som vert utførde frå barne- og familiekontoret sine lokale i Bjørnsgate 1 i Bergen, vil framleis verta å finna her. Det gjeld fosterheimsavdelinga, beredskapsheimane og ungdomsfamiliane. I tillegg skal to nye fagteam som skal ha ansvar for inntak og kontakt med kommunane, inn her – pluss at psykologane som no er i Wigandgården flyttar til Bjørnsgate 1.
590 fosterborn
Barne- og familievernet som staten overtek frå Hordaland fylkeskommune ved årsskiftet 2004, omfattar fem barneheimar, sju ungdomsinstitusjonar, to foreldre-barn tiltak, tre polikliniske tiltak (ca. 110 familiar), 452 fosterheimar (med 590 born), beredskapsheimar med 27 plassar, ungdomsfamiliane med 70 plassar og seks familievernkontor. Samla tal stillingar er 455 med ca. 580 tilsette.
Stanley Hauge