Fylkestinget har vedteke at ca. 35 mill. kr av dei auka inntektene på 39 mill. kr som fylkeskommunen får etter budsjettforliket i Stortinget skal vera disponible til inndekking av ubalanse som følgje momskompensasjonsordninga.
Fylkestinget har vedteke at Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av Kommunenes sentralforbund (KS). Vedtaket vart gjort med 30 (H, Frp, KrF, Pensj.) mot 27 (Ap, SV, RV, V, Sp) røyster.
Takstane for reiser med buss og båt skal ikkje aukast frå 1. januar 2004.
I fylkestinget sitt vedtak heiter det at dersom det viser seg at effekten av momsreforma gjev større innsparing enn det som trengst for å gjennomføra takstfrys, føreset fylkesutvalet at dette kjem passasjerane til gode i form av lågare billettpris eller auka rutetilbod.
I 2004 vert det også innført periodekort for born. Det er ein føresetnad at kommunane aksepterer at periodekortet for born berre kan nyttast til privatreiser og at kommunane betalar skuleskyss etter barnetakst som no.
Budsjettvedtaket
Målsetjingane i forslaget fylkestinget sitt vedtak om budsjettet er:
– skaffa fylkeskommunen økonomisk/politisk handlefridom i løpet av perioden
– prioritering av kvalitet og valfridom
– prioritering av born og unge
– framleis satsing på kollektivtrafikken som miljøvenleg og effektivt alternativ
– full gjennomgang av drifta for å gje handlefridom til å satsa på fylkeskommunen sine kjerneområde
Prosjekt handlefridom
Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen i perioden 2004-07 skal gjennomføra «Prosjekt handlefridom». Målet med prosjektet er å gje fylkeskommunen økonomisk og politisk handlefridom i løpet av dei neste tre åra. Prosjektet skal ha ei politisk styringsgruppe på fem personar.
Prosjektet skal gå inn på alle verksemdsområda til fylkeskommunen og vurdera korleis handlefridomen kan gjenopprettast. Fylkestinget vil ha vurdert om det er nødvendig å henta inn ekstern kompetanse for å gjennomføra prosjektet.
I prosjektet må virkemidlane vurderast fritt, men slik at fylkeskommunen sine kjerneoppgåver vert ivaretekne, vert det understrekar. Vurderinga kan m.a. innhalda:
– bruk av konkurranseutsetjing
– gjennomgang av eigedomsmassen
– må/bør tiltak
Handlefridomsprosjektet skal ha som mål å gje minst følgjande heilårseffekt i økonomiplanen målt i forhold til grunnbudsjettet for 2004:
2004: 15 mill. kr
2005: 40 mill. kr
2006: 55 mill. kr
2007: 80 mill. kr
Fylkesrådmannen vert beden om å koma med ein konkret prosjektmodell så snart som mogleg i 2004. Målsetjingane må justerast i forhold til eventuelle endringar i dei økonomiske rammevilkåra.
Dersom ein lukkast med å få retta opp ubalansen i momskompensasjonsordninga, kan dette trekkjast inn som ein del av prosjektet.
I tråd med målsetjingane i handlefridomsprosjektet skal fylkestinget koma tilbake til endeleg inndekking av underdekkinga i 2004-budsjettet i eiga sak i fylkestinget i mars 2004.
Melder fylkeskommunen ut av KS
Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av Kommunenes Sentralforbund (KS) vedtok fylkestinget.
Oppseiinga skal skje i tråd med vedtektene for KS, og slik at fylkeskommunen sitt arbeidsgjevaransvar vert ivareteke. Fleirtalet føreset at dette fører til innsparing som kan leggjast inn i handlefridomsprosjektet.
Etter vedtektene for KS vil ei utmelding kunna skje frå midten av 2006.
«Moms-reserve»
I fylkestinget sitt vedtak vert ubalansen i den nye momskompensasjonsordninga påpeikt. Det ser ut til at fylkeskommunen må dekka inn ein ubalanse på nærare 40 mill.kr fordi kompensasjonssummen vert lågare enn trekkbeløpet. Ubalansen skuldast etter alt å døma feil i grunnlagsutrekninga, meiner fylkestinget og føreset set det vert teke ytterlegare initiativ overfor staten for å retta opp den openberre ubalansen.
Av dei 39,177 mill. kr som fylkeskommunen får i auka inntekter som følgje av budsjettforliket i Stortinget, har fylkestinget sett av 35,288 mill. kr til rådvelde for inndekking av ubalanse som følgje av momskompensasjonsordninga.
Løyvinga til tannhelsetenesta vert auka med 1mill. kr, noko som vil seia at det siste kuttet som fylkesrådmannen har føreslege for denne sektoren går ut. Det vert sett av 250 000 kr til prosjektmidlar mot mobbing, ein pott dei vidaregåande skulane kan søkja på. Spesialundervisninga i vidaregåande skule vert styrkt med 1 mill. kr. Kulturminnevern-budsjettet får tilført 0,5 mill. kr i samband forsøksordninga i Bergen, og 1 mill. kr vert sett av til oppretting av feil i budsjettgrunnlaget.
Fylkestinget løyvde 115 000 kr til Kirkens SOS med tilsvarande reduksjon i fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto.
Hardanderbrua
Fylkestinget vedtok følgjande presisering om midlane til Hardangerbrua: «For perioden til og med 2012 skal 70% av konsesjonskraftmidlane gå til Hardangerbrua, For åra 2004-2006 vert det gjort fråtrekk for 20 mill årleg. Dermed blir tilskotet til Hardangerbrua utsett i 3 år. Det er ein klar føresetnad at tilskotet held fram til 2012 for å dekkja opp utsetjinga i åra 2004-2006.» Dette punktet vart støtta av alle partia med unnatak av SV, RV og V (10 repr. til saman.).
Andre budsjettforslag
Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet sette fram forslag til fordeling av dei 39,2 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget. Ap føreslår at den uspesifiserte innsparinga på 13,1 mill. kr i fylkesrådmannen sitt budsjettforslag, vert dekka inn. Vidare vil Ap auka løyvinga til vidaregåande skular med 17,3 mill. kr inkludert 2,0 mill. kr til vaksenopplæring og 0,5 mill. kr til rusførebyggjande tiltak i skulane. Løyvinga til barne- og ungdomsorganisasjonar vert påplussa 0,5 mill. kr. Tannhelse med 1,0 mill. kr. Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar 0,8 mill. kr, transport for funksjonshemma vert påplussa 0,4 mill. kr, fylkesvegvedlikehaldet med 3,0 mill.kr, kultur og idrett med 0,5 mill. kr og næringsutvikling og sysselsetjing føreslo Ap styrkt med 1,5 mill. kr.
Forslaget fekk 17 røyster (Ap og Sp) og fall.
Ap føreslo at fylkestinget skulle løyva 3 mill. kr til gassbussprosjektet under føresetnad av at Bergen kommune løyver like mykje. Løyvinga ville Ap dekka med tilsvarande reduksjon av lønsavsetjingar. Forslaget fekk 17 røyster (Ap og SP) og fall.
Forslaget frå Arbeiderpartiet omfatta også ei rekkje punkt med målsetjingar på fleire felt. Ingen av forslaga vart vedtekne.
Sosialistisk venstreparti
Sosialistisk Venstreparti fremja forslag med påplussingar på ca. 31 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt reviderte budsjettgrunnlag pr. 18. november. Forslaget fekk SV sine seks røyster og fall.
Av påplussingane galdt 2,0 mill. kr kultur- og friluftsføremål. Budsjettet til opplæring ville SV styrka med vel 21,05 mill. kr, tannhelsetenesta er ført opp med 1,5 mill. kr i styrking og samferdselsbudsjettet vert føreslege styrkt med 8,4 mill. kr. Løyvinga til Hordaland olje og gass vil SV stryka, medan dei vil auka løyvinga til miljø- og naturprosjekt med 1 mill. kr. I administrasjonsbudsjetta vil SV kutta 1 mill. kr pluss 0,2 mill. kr i løyvinga til Europakontoret, og SV vil også kutta 1 mill. kr i løyvinga til politisk verksemd.
SV føreslo å auka investeringsbudsjett med 10 mill. kr meir til vidaregåande skular. Når det galdt fylkesvegane ville SV redusera løyvinga til refusjon til kommunar med 5 mill. kr. I staden vil SV nytta 2,5 mill. kr meir til 10-tonnsprogrammet og trafikksikring og 2,5 mill. kr til rassikring og tunnelsikring.
Basert på SV sitt budsjettforslag i Stortinget føreslo SV å auka driftsinntektene til Hordaland fylkeskommune med 122 mill. kr og fordela denne summen på dei ulike driftsområda.
Forslaget frå SV omfatta også ei rekkje punkt med målsetjingar på fleire felt. Ingen av forslaga vart vedtekne.
Venstre
Venstre sette fram forslag til fordeling av dei 39,2 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget. Venstre vil styrkja løyvinga til rammetimar i vidaregåande skule med 11,8 mill. kr og løyva 3,0 mill. kr meir til spesialundervisning. Andre styrkingar er: 1 mill. kr meir til tannhelse, 0,4 mill. kr til funksjonshemma sine organisasjonar, 0,4 mill. kr meir til transport for funksjonshemma, 0,5 mill. kr til kultur og idrett. Til dekking av uspesifisert innsparing føreslår Venstre 5,0 mill. kr og 15,5 mill. kr set partiet av til mogleg ubalanse i momskompensasjonsordninga. Forslaget har også med 1,1 mill. kr til dekking av feilbudsjettering.
Forslaget fekk to røyster (V) og fall.
Venstre sitt forslag inneheldt også ei rekkje punkt med målsetjingar på ulike område.
Senterpartiet
Senterpartiet støtta i hovudsak Arbeiderpartiet sitt forslag. Men Sp ville nytta 1,5 mill. kr av den føreslegne styrkinga av budsjettet til vidaregåande skule til å innføra ordninga «Heim for ein 50-lapp». Dette skal vera eit tilbod til ungdom under 25 år som bur i område der det ikkje er nattbuss. Dei skal kunna ta drosje heime ved at kvar reisande betalar 50 kr og fylkeskommunen dekkjer resten. Forslaget fekk fire røyster (Sp) og fall.
Raud Valallianse
Raud Valallianse føreslo påplussingar på 174 mill.kr i høve til budsjettforslaget frå fleirtalet i fylkesutvalet (som fylkestinget vedtok). RV la m.a. til grunn at fylkeskommunen skal få 120 mill. kr meir i inntekter i revidert nasjonalbudsjett og full kompensasjon for momsomlegginga.
RV vil nytta 36 mill. kr meir til vidaregåande opplæring, 20 mill. kr meir til kollektivtrafikk, 20 mill. kr meir til vedlikehald av fylkesvegane, 1 mill. kr meir til tannhelsetenesta, 1,3 mill. kr meir til Hordaland barne- og ungdomsråd, 0,75 mill. kr meir til funksjonshemma sine organisasjonar og0,45 mill. kr meir til Norges fiskerimuseum. 65 mill. kr ville RV ha i uspesifisert reserve til fordeling av dei politiske utvala i fylkeskommunen. Ca. 31 mill. kr ville RV disponera til investeringar.
RV ville kutta løyvinga til Hordaland Olje og Gass (742 000 kr), Kyststamvegutvalet (130 000 kr) og Eurpakontoret (0,6 mill. kr).
RV sitt forslag fekk to røyster (RV) og fall.
Pensjonistpartiet
Føreslo å auka tilskotet til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon med 100 000 kr til 150 000 kr. Forslaget fekk ei røyst (Pensj.) og fall.
Stanley Hauge