Søviknes si oppfinning gjer det mykje enklare å justera døra i ein karm. Det avanserte hengselet har eit eksentrisk lager som gjer det mogleg å justera dørbladet både sidevegs og i høgda i høve til karmen. Lageret i hengselet er laga i eit materiale som lengjer levetida til hengselet samstundes som det er smørjefritt. Hengselet er testa ved Nordic dørfabrikk og SINTEF i Trondheim, med særs godt resultat. Hengeselet kan brukast til alle typar gatedører, lydisolerande dører og branndører, til hotell, skular og i offentlege bygg.
Både Statens veiledningskontor for oppfinnere, SVO, og Statens Nærings- og Distriktubyggingsfond, SND, har vore med på å finansiera utviklinga. Søviknes har teke nasjonale og internasjonale patenter på hengselet. Det er sett i gang prøveproduksjon med tanke på pilotprosjekt ved Nordic dørfabrikk A/S, Lyngdal, og Swedoor i Sverige.
Søviknes si oppfinning tilfredsstiller alle krava til Oppfinnarprisen for Hordaland. Ideen har god oppfinnarhøgd og nyhendeverdi. Søviknes har både vilje og evne til å realisera oppfinninga, som er venta å ha eit stort forretningspotensial i nasjonale og internasjonale marknader.
Heiderleg omtale
Juryen har gjeve heiderleg omtale til to andre oppfinningar, Leon Pedersen for sitt «Maritimt reinseapparat» og Ingmar Høgøy for «Mikrokapsulert fiskefor».
Leon Pedersen, Erdal:
Pedersen har utvikla ein ny og spesiell type maritimt reinseapparat. Pedersen har utvikla ein prototyp, som fungerer godt, men kan av omsyn til patenteringsprosessen han no er inne i, ikkje avsløra meir om detaljane rundt oppfinninga. Juryen understrekar at om oppfinninga får kommersiell suksess, vil den bety auka effektivitet og reduserte kostnader for ei viktig næring her i fylket.
Ingmar Høgøy, Storebø:
Ingmar Høgøy har utvikla små mikrokapsulerte partiklar som erstattar bruk av levande fôr til fiskeyngel i akvakultur. Det nye produktet reduserer lekkasje av næringsstoff og ureining av miljøet. Partiklane er jevnt runda og har gode synkeeigenskapar som gjer at dei eignar seg godt til automatisk fôring. Marknaden for dette produktet er global.
Stimulere kreativitet og nyskaping
Det er i år ellevte gongen Hordaland fylkeskommune deler ut Oppfinnarprisen for Hordaland. Målsetjinga med prisen er å stimulere til auka kreativitet og nyskaping i fylket. Prisen på kr 50.000 er ein honnør til personar som utviklar unike oppfinningar og arbeider for å realisera dei – helst i Hordaland. Det var i år 55 kandidatar til prisen og eit høgt nivå på søknadane.
Juryen har vore sett saman av følgjande medlem:
Kåre Thoresen Spissøy - Statens Veiledningskontor for Oppfinnere/SND-Hordaland
Jan Olav Ormberg – Bergen Patentkontor,
Atle Våge – Høgskolen i Bergen,
Anne Øvrebø – SND-Hordaland,
Hans Otto Robberstad – Hordaland fylkeskommune

Stanley Hauge