Konsesjonskrafta skal gå til regional utvikling

Hordaland fylkeskommune sine konsesjonskraftmidlar skal frå 2004 nyttast strategisk i samband med fylkeskommunen si nye rolle som regional utviklingsaktør, har fylkestinget vedteke samrøystes. Det vert lagt vekt på at midlane i hovudsak skal nyttast til

Fylkestinget held fast på at tidlegare vedtak om bruk av konsesjonskraftmidlane skal oppfyllast. Fylkestinget sitt vedtak frå 1999 om at 70 % av kraftinntektene fram til 2010 skal gå til Hardangerbrua står ved lag. Men på bakgrunn av situasjonen i fylkesøkonomien vert det gjort eit fråtrekk på 20 mill. kr årleg i midlane til Hardangerbrua i åra 2004-06. Dette fråtrekket skal Hardangerbrua få att seinare ved at tildelingsperioden vert lengd til og med 2012. I fylkestinget sitt vedtak er dette presisert med denne formuleringa: «Dermed blir avsetningane til Hardangerbrua utsett i tre år. Det er ein klar føresetnad at avsetningane held fram til 2012 for å dekkja opp utsetjinga i 2004-06.» Denne formuleringa vart vedteken med 47 (Ap, Sp, H, KrF, Frp, Pensj.) mot 10 røyster (SV, RV, V).

Fylkestinget seier i vedtaket sitt at fylkeskommunen vil invitera ulike aktørar til å fremja forslag om større strategisk viktige prosjekt for regional utvikling. Prosjekta skal oppsummerast i ein kortfatta prosjektpresentasjon.
Prosjekt som medverkar til at Hordaland utviklar seg til eit attraktivt og konkurransedyktig fylke vil vera av spesiell interesse, likeeins ulike «fyrtårnprosjekt» der ein kan skapa noko unikt for Hordaland. Prosjekta bør ha medfinansiering frå kommunar eller andre aktørar for å sikre solide prosjekt med høg lokal prioritering, meiner fylkesutvalet.

Frå 1. januar 2004 skal konsesjonskraftmidlar nyttast til delfinansiering av cruiseskipskai i Hardanger, med ei øvre tilskotsramme på 11 mill. kr. Kva andre prosjekt som skal få tilskot dei næraste tre åra, vert avgjort av fylkestinget neste år.

Fylkestinget ber om at det snarast vert lagt fram ei vurdering med sikte på å tilføra Jondalstunnelen midlar frå konsesjonskraftinntekter etter 2006.

Bjørn Lothe (SV) føreslo at punktet om konsesjonskraftmidlar til Hardangerbrua skal gå ut. Forslaget fekk 10 røyster (SV, RV og V) og fall.
Torstein Dahle (RV) sette fram to forslag som begge fekk to røyster (RV) og fall. Det eine var knytt til at fylkestinget skulle vedta som målsetjing at fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar skal førast tilbake til regionane krafta vert produsert i. Det andre forslaget galdt at konsesjonskraftinntekter frå Odda som fylkeskommunen disponerer, skal nyttast til næringsutvikling på Smelteverkstomta i Odda sentrum.

Oversendingsforslag
Det vart sett fram ei rekkje oversendingsforslag i denne saka. Dei vart oversende fylkesutvalet utan realitetshandsaming.
Det galdt Gisle Handeland (Ap) sitt forslag som peika på innspel frå Odda kommune og at prosjekt i Nordhordland så langt ikkje har vore tilgodesett med midlar frå konsesjonskraftinntekter.

Bjørn Lothe (SV) sitt forslag: «Ein bed om at fylkesutvalet arbeider vidare med spørsmål om unytta konsesjonskraft, jfr. 40 GWh i Odda, og evt. midlar til Smelteverkstomta.»

Grethe Lunde (KrF) sitt forslag: «I den vidare prosessen ved tildeling av konsesjonskraftmidlar vil ein prioritera gode prosjekt frå Nordhordlandsregionen.»

Gunnar Bakke (Frp) sitt forslag: «Fylkestinget ber administrasjonen vurdere å utrede egen sak med periodevis/varig salg av konsesjonskrafta til Hordaland fylkeskommune.»

Torstein Dahle (RV): «Hordaland fylkeskommune i samarbeid med de kraftproduserende kommunene bør gjennomgå på nytt hvilken mengde konsekraft som kommunene og fylkeskommunen har rett på, med sikte på å få konsesjonskraftmengden oppvurdert til et ajourført nivå.»

Bente Gunn Håtuft (H) sitt forslag: «Innstillinga til fylkestinget legg opp til at ulike aktørar skal inverast tikl å fremja forslag om større strategisk viktige prosjekt for regional utvikling. Fylkestinget ber om at også aktørar frå Nordhordlandsregionen vert inviterte til å ta del i dette arbeidet.»

Stanley Hauge

10.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart