Fylkeskommunen herre i eige hus

Torsdag 18. desember underteikna fylkesrådmann Paul M. Nilsen (t.h.) og administrerande direktør i Vital Eiendomsforvaltning, Bjørn Østbø, kontrakten som inneber at Hordaland fylkeskommune kjøper Fylkeshuset i Agnes Mowinckelsgate 5 for 142,5 millionar kr

Fylkestinget vedtok i oktober at fylkeskommunen skulle kjøpa Fylkeshuset. I det lange løp er det gunstigare å eiga enn å leiga. Ikkje minst med dagens låge rentenivå kan eit slikt kjøp vera gunstig.

Med ei rente på 5 prosent vil det ta 17 år før bygget er nedbetalt. I 2004 vil Hordaland fylkeskommune spara om lag 1,5 millionar kroner på kjøpet i høve til kva kostnaden ville vore ved leige.

Kjøpesummen på 142,5 millionar kroner er medrekna kjøpskostnader.

Nils Marton Aadland

19.12.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart