Stord vidaregåande skule er no samla på ein stad. Eit tilbygg på 2367 kvadratmeter vart teke i bruk ved skulestart 18. august. – Vi er kjempenøgde og kunne neppe fått det betre, strålar rektor Egil Y. Bergesen.

- Informasjon og samarbeid vil fungere betre. Vi brukar mindre tid på å springe over større avstandar og får dermed gode gevinstar, seier rektor.
Skulen har om lag 450 elevar og om lag 90 tilsette. Nybygget til 44,2 millionar kroner blir brukt til musikklinja og frisørlinja.
Konsertsal og lydstudio
Musikklinja har hatt kummerlege tilhøve sidan starten for 15-16 år sidan, men flytter no inn i topp moderne lokale. Rektor er spesielt stolt over konsertsalen, som ikkje berre skal fungere som auditorium, men som og har lydstudio og miksepult for å ta opptak frå salen. Dette er knytta til eit datarom. Akustikken i konsertsalen er og framifrå. Rektor reknar med at konsertsalen og vil bli teken i bruk som offentleg konsertsal.
- Dette blir den beste konsertsalen på Stord, slår rektor fast.
Musikklinja disponerer og lydtette øvingsrom.
Endeleg kantine
Frisørlinja hadde betre forhold, men var plassert 10 minuttar unna resten av skulen. No har dei og fått plass i topp moderne lokale i nybygget. I tilbygget har dessutan naturfag og data fått nye spesialrom. I tillegg har skulen endeleg fått kantine, vrimleareal og inngangsparti. Med nybygget har skulen fire bygningar på skuleområdet.
Offisiell opning blir ut på hausten.
Bjarte Brask Eriksen