Stor utskifting i fylkestinget etter valet

Det vert stor utskifting av representantar i Hordaland fylkesting etter valet 15. september. Uavhengig av fordelinga mellom partia vil ca. 60 % av representantane vera nye. Talet på representantar vert redusert til 57 frå i haust – ti færre enn no. Dette

Av dei 67 medlemane i det noverande fylkestinget er det 35 som er nominerte på lister til årets val. Av desse er det seks som står på plassar så langt nede på listene at dei ikkje vil verta valde på nytt, utan heilt spesielle veljaraksjonar. Tre representantar som vart valde inn for Fremskrittspartiet til denne perioden, er i år nominerte for andre parti (Demokratane 2, Kystpartiet 1).

Av Arbeidarpartiet sine 18 representantar i det sitjande tinget er 11 på årets liste. Fylkesutvalsmedlemane Turid Visnes, Aud Stråbø Riise og Ottar Fuhr Eriksen er mellom dei som går ut or Ap-gruppa, og det same gjer Arne Jakobsen – nestleiar i komiteen for miljø og samferdsel.

Seks av dei ni representantane til Kristeleg folkeparti går ut, mellom dei fylkesutvalsmedlem Brynjulv Hernes. To av Venstre sine tre er ikkje på lista til årets val. Både fylkesutvalsmedlem Atle Mildestveit og nestleiar i komiteen for næring og utdanning, Annemor Ekeland, går ut. På Senterpartiet si liste stiller to av dei noverande representantane, ut går m.a. Mali Grete N. Aksnes – leiar i komiteen for næring og utdanning.

Sosialistisk venstreparti har også to av dei noverande representantane sine på lista til årets val. Begge Raud Valallianse sine representantar er nominerte på nytt, men på 6. og 8. plass slik at dei neppe kjem inn på nytt i haust.

Høgre stiller med seks av dei noverande 11 representantane på lista til valet 15. september. Mellom dei som går ut er leiar i kontrollutvalet, Turid Giertsen. Fylkesutvalsmedlem Trude Drevland er nominert på 56. plass.

Fremskrittspartiet stiller med fem av dei som vart valde inn i fylkestinget hausten 1999. Etter utmeldingar i perioden tel Frp-gruppa for tida seks representantar. Av dei er det berre noverande fylkesutvalsmedlem Bjørg Næss som ikkje stiller på ny. Tre av dei som var valde inn på Frp-lista i 1999 stiller denne gongen for andre parti.

Stanley Hauge

08.08.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart