På biletet er mellom anna fylkespolitikarane Pål Kårbø, Mette Holmefjord Olsen, Mali Grete Aksnes og Jane Stangeland.
Med suksessen frå Hordalandsstanden under Aqua Nor 2001 som inspirasjon, arrangerte Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bergen kommune, med støtte også frå SND, Universitetet i Bergen og Bergen Næringsråd, ein stor fellesstand på messa, med 21 utstillarar frå begge fylka. Fiskeriforum Vest var arrangementsansvarleg.
Sjømatbar
Fylkesordførar Gisle Handeland opna standen og sjømatbaren saman med sin kollega frå Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal. Sjømatbaren var ein viktig og levande del av standen og ”Årets kjøkkensjef 2002”, Fredrik Hald frå Norsk Sjømatsenter og medhjelparane hans, stod for nydelege smaksprøvar til besøkjande på fellesstanden.
Ivrig diskusjon
Om kvelden inviterte fylkesordførarane og byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen til mottaking med heile 140 aktørar. Oppdrettarar, forvalting og forskning var alle til stades Mange ivrige diskusjonar gjekk føre seg. Sjømatbuffeten, samt folkemusikken og gjøglinga til dei tre Nordfjordjentene i Fjøgl, skapte ei god ramme for arrangementet.
Godt representert
Det nystarta arbeidslaget i Hordaland fylkeskommune ”Verdiskaping i kystsona” var godt representert og messa var ein fin stad til å gjere fylkeskommunen sitt engasjement kjent, orientere seg og knyte kontaktar med aktørar innan havbruk. Arbeidslaget hadde ansvar for arbeidet med fellesstanden og programmet knytta til det.
