For å stimulere til auka nyskaping og verdiskaping i Hordaland, har Hordaland fylkeskommune oppretta ein årleg oppfinnarpris. Prisen har vore delt ut årleg sidan 1993 - med unnatak av 2001. Frå 2002 er søknadskriteria endra og prissummen auka for å stimu
Det vil bli lagt vekt på at ideane skal vere nyskapande, realiserbare og at søkjaren ønskjer å føre ideen fram mot ferdig produkt/teneste. Kvar søkjar kan delta med inntil tre søknader/idear og blir oppmoda om å leggje ved relevant dokumentasjon på det arbeidet som er gjort for å realisere ideen og eventuelle modellar.
Dokumentasjon, modellar og liknande som ligg ved søknaden blir sendt i retur etter prisutdelinga, men ikkje sjølve søknadsskjemaet.
Ein breitt samansett jury er oppnemnt for å vurdere søknadane. Juryen har teieplikt og søknadane vil bli unnateke offentlegheit. Ideane blir sikra konfidensiell handsaming, og presentasjonen av vinnarideane vil bli utforma i samråd med prisvinnar.
Prisen vil i år bli delt ut under Fylkestinget i Bergen i desember 2003.
Søknadsskjema og retningsliner for 2003 kan ein få ved å kontakte Hordaland fylkeskommune, Strategi og Utvikling, på tlf. 55 23 92 82 og tiltakskontora i Hordaland.
Søknadsfristen for Oppfinnarprisen for Hordaland 2003 er 23. september.
Nils Marton Aadland