Ny vidaregåande skule i Sund, stort tilbygg ved Stord vidaregåande skule

Hordaland fylkeskommune tek ved skulestart i dag, måndag 18. august, i bruk den nye vidaregåande skulen i Sund. Like eins vert eit stort tilbygg ved Stord vidaregåande skule teke i bruk. I alt har fylkeskommunen investert 150 mill. kr i desse to utbygging

Opninga av den nye Sotra vidaregåande skule avd. Sund er ei stor og viktig hending. Dei sørlege delane av Sotra-regioen får skulen dei har kjempa for og venta på. Fylkeskommunen får ei viktig ny skuleeining som vi treng i den perioden vi går inn i med stor vekst i elevtalet, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Sotra vidaregåande skule avd. Sund
Den nye skulen ligg i Skogsvåg i Sund. Skulen har eit bruttoareal på 6 100 kvm, inkludert den nye tannklinikken på 150 kvm. Skulen er bygd i tre etasjar. Ved skulestart i haust er det 16 klassar med i alt 239 elevplassar ved skulen. Dette talet vil auka dei komande åra. Skulen er dimensjonert for 22 klassar med vel 300 elevar innan linjene allmenne fag, helse- og sosialfag, formgjeving, idrettsfag, byggfag og trearbeidsfag.

Kostnaden med skulen er 102,5 mill. kr. Fylkeskommunen har gått inn med 4 mill. kr i tilskot i den kommunale idrettshallen som også den vidaregåande skulen skal nytta. Tannklinikken, som avløyser tannklinikken på Steinsland, kostar 3,5 mill. kr. Innflyttinga i tannklinikken startar i denne veka, og klinikken vert opna første veka i september.

Tilbygg på Stord vidaregåande skule
Tilbygget på Stord vidaregåande skule er på 2 367 kvm. Byggjekostnaden er 44,2 mill. kr. Nybygget skal dekka skulen sitt behov for areal til musikklinja og frisørlinja som ein til no har leigd lokale til. Skulen får no også eiga kantine og nye spesialrom for naturfag og data.

Tilbygget ved Stord vidaregåande skule er eit sjølvstendig bygg, men er tilknytt eksisterande bygningar med eit mellombygg og tilpassing for ny heis.

Åtte år sidan førre skuleopning
Sotra vidaregåande skule avd. Sund er den først heilt nybygde vidaregåande skulen i Hordaland sidan Bømlo vidaregåande skule vart teken i bruk hausten 1995. Sund-skulen er også den første som er prosjektert og bygd etter at Reform 94 vart sett i verk. I utforminga er det lagt vekt på å tilpassa bygget til reforma, og bygget er oppført slik at ombyggingar skal kunna gjerast relativt enkelt.

Fylkeskommunen står no framfor ein auke i elevtalet i vidaregåande skule på ca. 3000 fram til 2012. Flest nye elevplassar trengst i Bergen. Dei låge skuleinvesteringane vi har hatt i åra frå 1995 til 2001, er no avløyste av større årlege investeringsbudsjett, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Fylkesordføraren viser til at det i 2002 vart investert ca. 80 mill. kr i skulebygg, og at investeringane i år ligg på ca. 75 mill. kr. For 2004-06 legg økonomiplanen opp til investeringar på vel 300 mill. kroner.

Stanley Hauge

18.08.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart