Hordaland fylkesutval meiner det er viktig at heimfallsinstituttet for vasskraftressursane vert oppretthalde, men at framlegget frå Olje- og energidepartement (OED) med fast heimfall etter 75 år inneber eit uheldig salspress for offentlege aktørar.
Fylkesutvalet rår i staden til at heimfallet vert sett i samband med sal av større eigardelar i offentleg eigde kraftanlegg som i dag har konsesjonar utan tidsavgrensing (transaksjonsalternativet). Fylkesutvalet rår frå gjennomføring av andre lovendringar på dette tidspunkt, og at ein i staden startar ein lovrevisjon der også representantar utanfor departementskontora vert inviterte til å delta i revisjonsprosessen.
I samband med OED sitt forslag til endringar i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova, har fylkesutvalet vedteke denne fråsegna:
1. « Fylkesutvalet i Hordaland meiner vasskraftressursane har ei så viktig nasjonal interesse at ein må oppretthalde heimfallsprinsippet for eigedomsrett til større vassfall og reguleringsanlegg. (Vedteke mot 2 røyster (Frp).)
2. Fylkesutvalet går i mot lovframlegget om at alle kraftanlegg med offentleg eigarskap får omgjort konsesjonstidsramma til 75 år etter lovendringa, og med tilhøyrande vederlagsfritt heimfall til staten for dei offentleg eigde andelane. (Samrøystes.)
3. Fylkesutvalet rår til at reglane om heimfall vert knytt til sal av større andelar i eit kraftanlegg som i dag har konsesjon på uavgrensa tid (transaksjonsalternativet). (Vedteke mot 2 røyster (Frp).)
4. Fylkesutvalet oppmoder om at ein i denne omgang berre gjer vedtak knytt til heimfallsprinsippet. (Samrøystes.)»
Fremskrittspartiet føreslo alternativt forslag til punkt 1. Frp meiner at fellesskapet sine interesser kan ivaretakast gjennom reguleringsverkemiddel og skattar/avgifter. Forslaget fekk to røyster (Frp) og fall.
Stanley Hauge