Vil ha oftare bussavgangar mellom Bergen, Askøy og Sotra

Hordaland fylkesutval ser fleire bussavgangar som det mest aktuelle tiltaket for å betra tilbodet til kollektivreisande mellom Sotra, Askøy og Bergen. Fylkesutvalet ber om ei konkretisering av ei slik kapasitetsutviding.

Fylkesutvalet finn det dokumentert at ein står ovanfor ei stor utfordring i samband med transportbehovet frå vest dei nærmaste åra. På dette grunnlag vil fylkesutvalet be om at det snarast vert sett i gang tiltak for betring av situasjonen for kollektivtrafikken på strekninga Sotra/Askøy – Bergen, heiter det i vedtaket i fylkesutvalet.

Vidare i vedtaket heiter det:
«Av kollektivtiltak meiner fylkesutvalet at auka rutefrekvens er mest aktuelt. Fylkesutvalet ber administrasjonen ta initiativ til ei nærare konkretisering av dette tiltaket. Samkøyring mellom HSD Buss og Gaia Trafikk må vurderast. Fylkesutvalet ber administrasjonen kome attende med sak om gjennomføring og finansiering av eit styrka rutetilbod mellom Sotra/Askøy og Bergen, der og framtida for Beinvegen er nærmare vurdert.

Nøgd
Fylkesutvalet er nøgd med dei infrastrukturtiltaka som Statens vegvesen har føreslege, for på kort sikt å betre trafikksituasjonen på strekninga Sotra – Bergen. Fylkesutvalet ber vegsjefen om å arbeide vidare med infrastrukturtiltaka som er omhandla i vegvesenet sin delrapport, medrekna Parker og reis-fasilitetar. Fylkesutvalet meiner desse tiltaka bør finne si finansiering innanfor den fylkesfordelte riksvegramma og i Bergensprogrammet.

Ikkje unødvendig transport
Fylkesutvalet er samd med Bergen kommune i at Bergen sentrum ikkje må belastast med unødvendig transport og at det er eit mål å få andelen kollektivreiser til og frå sentrum opp. Fylkesutvalet er difor nøgd med at Bergen kommune arbeidar med ein parkeringspolitikk som i større grad skal gjere det mogleg å nå dette målet, og oppmoder til aktiv bruk av dette verkemiddelet.

Firefeltsveg
Fylkesutvalet tilrår at reguleringsplanlegging for utviding til firefeltsveg på strekninga Storavatnet – Sotrabrua vert vurdert i samanheng med det føreståande plan- og utgreiingsarbeidet for nytt samband mellom Sotra og Bergen. Fylkesutvalet ber om at det i same samanheng vert vurdert å etablera eit reversibelt kollektivfelt som alternativ til firefeltsveg på strekninga.

Standardheving av Kleppestø terminal
Fylkesutvalet ber Statens vegvesen vurdere utbygging/standardheving av Kleppestø terminal og riksvegstatus fram til terminalen, samt Parker og reis i Kleppestø og Strusshamn.» Innstillinga frå komiteen for miljø og samferdsel vart samrøystes vedteken. I tillegg vart eit fellesforslag frå V, SV og Krf om å få utgreidd reversibelt kollektivfelt på Sotra-Bergen vedteke mot fem røyster (H, Frp).

Bjørn Lothe (SV) føreslo at fylkesutvalet skulle vedta at det er naudsynt å vurdera vegprising som tiltak på vegen Sotra-Bergen og at fylkesutvalet ikkje ser det som aktuelt å utvida vegkapasiteten for personbilar på strekninga. Forslaget fekk to røyster (SV og V) og fall.

Stanley Hauge

04.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart